Det inneber at partiet har gjennomgått ein snuoperasjon og nå er det partiet på Stortinget som krev størst reduksjon i utslepp av klimagassar. SV har rett nok programfesta utsleppskutt på 50 prosent innan 2020, men dette kravet er grundig «parkert» i regjeringsposisjon.

Til samanlikning går Venstre inn for ein utsleppsreduksjon på 30 prosent i høve til dagens utsleppsnivå innan 2025.

33 prosent reduksjon

Det nye Høgre-standpunktet vart formulert og publisert gjennom ein avisartikkel 19. januar. Artikkelen som stod på trykk i Dagens Næringsliv, var underteikna av partileiar Erna Solberg og miljøpolitisk talsmann Børge Brende.

I artikkelen slår dei fast at Noreg sine utslepp av klimagassar må reduserast med 20-25 prosent av utsleppsnivået i 1990 innan 2020.

Dei norske utsleppa av klimagassar har auka med om lag 10 prosent frå 1990 til i dag. Det svarar til ein vekst frå 50 til 55 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Brende opplyser at kravet inneber ein reduksjon på 28-33 prosent i høve til dagens utsleppsnivå, innan 2020.

Høgre har sett eit delmål som går ut på at utsleppa i 2010 ikkje skal vere høgare enn dei var i 2000.

Fleire kjelder gjev uttrykk for at Erna Solberg knapt augna konsekvensane av kva ho skreiv under på.

Både Brende og Solberg stadfestar at Høgre står fast på og er forplikta på denne lovnaden.

Skremmer ikkje

Høgres miljøkrav skremmer ikkje bransjeorganisasjonen Norsk Industri. Informasjonsdirektør Finn Langeland seier tvert om:

— Vi fryktar ikkje Høgres klimamål. Det er tvert om gledeleg at også Høgre nå er på banen i klimaspørsmål.

— Vi er teknologioptimistar. Det er veldig viktig at alle gode krefter samarbeider. Vi har gjort mykje og kan oppnå meir. Industrien har i dei siste åra redusert utsleppa med 30 prosent i ein periode då produksjonen har auka med 40 prosent. Ingen andre sektorar kan vise til slike resultat, seier han.