JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

Samferdslekomitéen på Stortinget vil nytta ettermiddagen, kvelden og mykje av natta med til å gjera ferdig innstillinga om Nasjonal Transportplan 2002-2011. I går trudde leiaren i komitéen, Oddvard Nilsen, at han ville greia å få fleirtal for prinsippet om ein statleg pott for premiering av kollektivselskap som greidde å auka talet på passasjerar.

I dag måtte Oddvard Nilsen vedgå overfor BT at Høgre stod åleine i den saka.

Ikkje kollektivmidlar frå Ap — Vi har ikkje lagt inn ekstra pengar til kollektivtrafikken, vedgår Gard Folkvord, Ap. - Arbeidarpartiet har strekt seg til å auka den totale ramma i Nasjonal Transportplan med 5 milliardar kroner for heile 10-årsperioden. Der er det 1,5 milliardar til jernbane, fyrst og fremst i Oslo-området. Deretter 500 millionar til tryggare farleier langs kysten og 2,8 milliardar til vegar, seier Folkvord.

Sentrumspartia kan koma til å semjast om ein halv milliard ekstra til kollektivtrafikk, men May Britt Vihovde, V, seier at det er tenkt til investeringar, til dømes i nytt jernbanespor gjennom Ulriken og utviding av tunnelprofilar.

Fleirtal for Bergensprogrammet Derimot er stort sett semje mellom Høgre og Arbeidpartiet om formuleringane som gjeld Bergensprogrammet, og KrF vil slutta seg til. Fleirtalet vil ha merka seg det som Bergen bystyre og Hordaland fylkesting har vorte samde om, og elles visa til proposisjonen om Bergensprogrammet som departementet skal leggja fram for Stortinget.

— Her må vi stå på for å få Stortinget til å handsama Bergensprogrammet i år, slik at den nye ordninga med bompengeinnkreving kan starta som planlagt 1. januar 2002, seier Gard Folkvord.

Fleirtal vil det også vera om sterk satsing på gassferjer.

Pengar til Jondalstunnelen Derimot er Arbeidarpartiet framleis usikker på om dei får fleirtal for ei overgangsordning for einskilde store fylkesvegprosjekt. Frå og med i år er det slik at det ikkje lenger finst særskilde midlar på statsbudsjettet for fylkesvegar. Dei må stilla i køen saman med riksvegane. I Hordaland fører dette med seg at det fylkesvegprosjektet som er på topp, Jondalstunnelen, kjem langt bak i køen.

— For Jondalstunnelen, og to-tre andre store fylkesvegprosjekt, ynskjer vi ei overgangsordning, slik at desse kan nyta godt av særskilte fylkesvegmidlar. I Hordaland vil det gjera det lettare å realisera Jondalstunnelen, seier Gard Folkvord.

I ettermiddag sa Rigmor Kofoed-Larsen frå KrF at dei ville gå med Ap, medan May Britt Vihovde sa at Venstre skulle vurdera det.

Dalsfjordbrua Oddvard Nilsen arbeider og med å arbeida inn i Nasjonal Transportplan eit nytt prinsipp for tildeling av store samferdsleprosjekt.

— Vi kan tenkja oss, seier han, - at til dømes to eller fleire kommunar slær seg saman og dannar ei større eining med stor rasjonaliseringsgevinst. Det kan i sin tur utløysa midlar til eit samferdsleprosjekt som er viktig for regionen. I Sogn og Fjordane har vi til dømes Dalsfjordbrua, og eg har oppfatta signal om at kommunane Fjaler, Askvoll og Hyllestad kan tenkja seg å slå seg saman dersom det skal til for å få realisert brua, seier Oddvard Nilsen.