Interne dokument som Bergens Tidende har hatt tilgang til, kastar eit avslørande lys over det som har skjedd i kulissane.

I fjor hadde Eikland eit underskot på 9,8 millionar kroner. 3,1 millionar kroner av dette gjekk til advokathonorar for å underbygge ein påstand om at Eikland/Skaugen er rett eigar av utanlandsformuen etter Jahre.

«Høgrisiko»

På generalforsamlinga i Eikland i år hevda advokat Erling Lyngtveit at Skaugen driv høgrisiko forretningsverksemd og at verdiane til familien har falle sterkt dei seinare åra. Det siste vart imøtegått av Morits Skaugen jr. Han er gift med Grace Reksten.

Lyngtveit, som var forsvarar for Bjørn Bettum fram til Bettum døydde i mars i år, representerer i denne samanhengen ei av systrene til Morits Skaugen. Ho er støytt ut «av det gode selskap». Det er oppretta ein aksjonæravtale som held henne utanfor, og ho har kravd gransking av forretningsdrifta.

Verdiane renn ut

I åra 1999-2001 hadde Eikland årsresultat på minus 12,8, minus 15,3 og minus 9,8 millionar kroner. Den bokførde eigenkapitalen vart redusert frå 181 til 150 millionar kroner. Gjelda auka i same periode frå 98 til 179 millionar kroner.

Med denne bakgrunnen er det ikkje vanskeleg å forstå at den hemmelege utanlandsformuen til Anders Jahre på fleire hundre millionar kroner kan verke forlokkande.

Skaugen har i dei siste åra hevda at utanlandsformuen etter Jahre eigentleg tilhøyrde Kosmos. Og sidan Eikland nå eig det tidlegare Kosmos, er det Eikland som har retten til formuen.

«Trojansk hest»

For å kome nokon veg med ein slik påstand, var det naudsynt å pasifisere enka etter Anders Jahre, Bess Jahre, som var einaste arvtakar etter Jahre. Det skjedde ved å inngå ein avtale med enka som har vore halde strengt hemmeleg i fleire år. Neste steg var å få Bjørn Bettum «med på laget».

Agder lagmannsrett har kome til at Jahre-enka opptrer som «Trojansk hest» for Eikland/Skaugen og har difor avslege å gje enka innsyn i dei mest sensitive dokumenta der Eikland og dødsbuet har motstridande interesser.

Etter dette har nå enka varsla at ho har sagt opp avtalen med Eikland.

Avisa Dagens Næringsliv har tidlegare i haust utførleg dokumentert korleis Skaugen utnytta at Bettum hadde pengar til gode frå Skaugen-systemet, det tidlegare Kosmos, til han fekk Bettum dit han ville.

Jakta på Bettum-formue

I dette spelet prøvde Skaugen å få tilgang til straffesaksdokumenta i økokrimsaka mot Bjørn Bettum på irregulær måte. Skaugen ville ha Bettum til å øve påtrykk på advokaten sin, Hans Stenberg-Nilsen, for at denne skulle få utlånt straffesaksdokumenta frå Økokrim. Opplegget gjekk ut på at Skaugen sin advokat, Truls Leikvang, skulle gjennomgå dokumenta i saka mot Bettum, på Stenberg-Nilsen sitt kontor. Skaugen ville også delta i gjennomgangen.

Skaugen opplyser til Bergens Tidende at han mellom anna ville sjå om Bettum hadde løynde midlar ute, slik bustyraren i Jahre sitt dødsbu har hevda.

Leikvang vart fullt orientert om opplegget, men han fekk ikkje innsynet som Skaugen bad om:

— Det vart aldri gjennomførd, seier Stenberg-Nilsen kontant til Bergens Tidende.