Hjetland og sentralstyret i Utdanningsforbundet ønskjer å gå med armslag inn i lønsforhandlingane med Kommunenes Sentralforbund (KS).

Det skapte usemje på landsmøtet i går. Til tider kom det krasse utfall mot leiinga.

— Det nærmar seg arroganse når sentralstyret vedtek noko heilt anna enn signala som kjem frå lokallaga. Leiinga seier at vi må erkjenne at sentrale lønsforhandlingar ikkje er muleg. Til det seier vi at, nei, det må vi ikkje er erkjenne, sa Grethe Hovde Parr, delegat frå Akershus.

Dei fem store fylkeslaga Hordaland, Akershus, Telemark, Rogaland og Sør-Trøndelag gjekk saman og utarbeidde eit alternativt forslag til sentralstyret sitt forslag.

Sterkare avstand

— Det er usemje om kor stramme vi skal vera. Lokale forhandlingar i offentleg sektor er meiningslaust. Vi vil gje ei tydelegare retning enn sentralstyret i denne saka, seier Ingunn Alver, fylkesleiar i Hordaland.

Ho vil likevel ikkje vera med på kritikken mot sentralstyret.

— Nei, sentralstyret taklar dette bra. Dei viser vilje til å endre på formuleringane sine. Dette er ingen mistillit, berre eit signal om i kva retning vi meiner forbundet bør gå, seier Alver.

Det var sist vinter regjeringa sette KS og Oslo kommune til å forhandle med lærarane. Det utløyste eit mistillitstilhøve som er vanskeleg å glatte over. KS har forhandla med barnehagelærarane før dei vart ein del av den to år gamle paraplyorganisasjonen Utdanningsforbundet.

Trynefaktor

Sidan 1992 har barnehagelærarane hatt lokale lønsforhandlingar. Det vil seie at innsats og dugleik vert premiert. Problemet er at trynefaktor kan gjere seg gjeldande. Erfaringane er negative, og på landsmøtet i går kom det fram samla misnøye med lokale forhandlingar.

Men sentralstyret i Utdanningsforbundet ønskjer ikkje å gå til vårens hovudforhandlingar med KS med eit krav om å avskaffe ordninga. KS på si side har sagt at det er uaktuelt å avskaffe modellen med lokale lønsforhandlingar, ein modell som av lærarane blir sett på som eit ledd i ei marknadsliberalisering.

Innanfor og påverke

— Vi er ikkje åleine i verda, sjølv om vi er store og sterke. Vi vil heller vera innanfor og påverke enn utanfor og skrike, seier leiar Helga Hjetland.

Det er Utdanningsgruppenes hovudorganisasjon (UHO) som skal føre forhandlingane med KS. UHO er sett saman av lærarar, sjukepleiarar, politi, ergoterapeutar, fysioterapeutar og diakonar. Yrkesgruppene er ikkje einige internt i stridsspørsmålet om lokale lønsforhandlingar.

Usemje om strategi

Delegasjonen frå Sogn og Fjordane stilte seg ikkje bak forslaget til dei fem fylkeslaga, som ville ha eit klart vedtak mot lokale lønsforhandlingar.

— Vi har levert vårt eige forslag til innstramming. For oss handlar dette om at usemja går meir på strategi enn på sak. Det er ikkje leiinga som er vår fiende, heller tvert imot, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Åslaug Krogsæter.