I snart tre år har ei forskargruppe jobba med å analysere effektar av statens innsats i distriktspolitikken. For ei god veke sidan la Effektutvalet fram sin rapport. I kortversjon er konklusjonen at distriktspolitikk nyttar, men at stortingsfleirtalet har svekka verkemidla. Støtte til investeringar og utvikling i distriktsbedrifter har hatt god effekt. Likevel blei denne type tiltak halvert på 90-talet.

Forskarane skildrar også ei utvikling der folketal og arbeidsplassar forsvinn frå Bygde-Noreg. Omdanninga av statlege verksemder til aksjeselskap, eksempelvis Telenor og Posten, har ført til tap for distrikta. Sjukehusreforma vil venteleg gjere det same. Og nye statlege arbeidsplassar blir lagde til Oslo. Frå 1990 til 2000 auka talet på statstilsette i Oslo-regionen med 15 prosent. Utvalet er relativt pessimistiske når dei slår fast at den sentraliserande tendensen vil halde fram.

No har ikkje forskarane hatt anna mandat enn å vurdere det offentlege. Men utviklinga dei skildrar har også skjedd i privat sektor. Frå andre studiar er det kjent at arbeidsplassane som har forsvunne, i stor grad har vore kunnskapsbaserte.

I Måløy går det ei historie frå då Fiskernes Bank blei innlemma i Kreditkassen. Ein ung nordfjording ville kjøpe seg ringnotbåt. Han hadde søkt banken sin om lån. Ein sjølvsagt konsekvens av bankfusjonen var at det meste av avgjerdsmynde blei flytta vekk. Så Måløy-avdelinga kunne ikkje avgjere søknaden. Det låg både mile-, og ikkje minst millionvis, utanfor lokalt kompetanse— og ansvarsområde.

Difor kom ein ung mann med handelshøgskuleutdanning frå ei sentral avdeling i konsernet til Måløy for å diskutere lånesøknaden. Den unge nordfjordingen framførte sitt ærend, etter soga både på ein god og truverdig måte. Likevel sat fiskaren heile tida med kjensle av at dette ikkje gjekk hans veg. Og til slutt tok den unge finansmannen bladet frå munnen: Han var nok diverre skeptisk. Banken kunne berre ikkje forstå kvifor det skulle koste heile 40 millionar kroner å kjøpe ein båt som skulle brukast til å ro i ring rundt nota.

Dei siste tiåra har det skjedd ei gigantisk hjerneflukt frå distrikts-Norge. Det skjer trass i at det er distrikta, først og fremst på Vestlandet, som skaper verdiane nasjonen overlever på. Dette blei grundig dokumentert gjennom ein artikkelserie i denne avisa rundt årsskiftet. Målt etter folketal er Sogn og Fjordane størst på eksport i landet, i kroner og øre større enn Oslo.

Det burde vere ei primær oppgåve å utvikle vidare næringslivet som skal tene pengar og skape arbeidsplassar. Ikkje minst for det næringsvennlege partiet Høgre. I staden blir det ført ein politikk som utarmar områda som skaper verdiar. Støttefunksjonar blir fjerna, forsking og utvikling lagt ned. Arbeidsplassar og kunnskap blir sentralisert.

Og dei politiske signala fortel at dette skal førast vidare. Då Distriktskommisjonen blei oppnemnd sa kommunalminister Erna Solberg at distriktspolitikk først og fremst er symbol. Då Effektutvalet la fram sin rapport, var same statsråden snar med å gje uttrykk for skepsis både til framlegga og konklusjonane.

Distriktspolitikk er upopulært, det er ikkje in i tida. Ikkje ein gong om det er god butikk.