I den siste meiningsmålinga i Bergens Tidende før valet er Grande Røys inne med god margin. SV går fram heile 7,4 prosentpoeng og får støtte frå 16,6 prosent av veljarane.

— Heilt utruleg, utbryt SVs listetopp då BT presenterer tala for ho.

— I det siste har eg tenkt at eg konkurrerer med Aps Aud Viken og Frps Jostein Kvalsvik om sistemandatet. Dette er til å bli mållaus av, legg ho til.

Aud Viken ute

Medan SV er inne, er Aps Aud Viken ute. Ap går tilbake halvannan prosentpoeng til 22,9. Også Høgre og KrF går ned, men held fast på stortingsmandatet. Verre er det for Sp sin listetopp, Jorunn Ringstad, som no sit med sistemandatet. Ap er veldig nær å erobre det, påpeikar Idar Eidset, seniorkonsulent i Opinion. Frp må finne seg i å stå bak Ap i kampen om sistemandatet. Frp går tilbake nær eit prosentpoeng til 10,2.

SV tek dei unge

Bakgrunnstal viser at kvar fjerde av dei som ikkje stemte sist no seier dei vil stemme SV. I denne gruppa finst førstegongsveljarane. SV stel dessutan veljarar frå Ap, Sp og Venstre.

I denne målinga er det Sp og KrF som har flest på gjerdet.

I går kveld var Heidi Grande Røys tilbake i Florø og ferdig med valkampen.

— Er det Kristin Halvorsen eller SV i Sogn og Fjordane som skal ha æra for dette?

— Begge, trur eg. I den grad eg ikkje er kjend rundt om i fylket er det Kristin-effekten som slår inn. Men dei siste vekene har eg reist rundt så mykje som mogleg og møtt veljarane. I Sogn og Fjordane er folk opptatt av kven dei vel til å representere fylket, seier ho.

SOM EIT SKOT: SV kan koma på Tinget jamvel frå Sogn og Fjordane - takka være Heidi Grande Røys (t.v.) og Kristin Halvorsen.
FOTO: ODDLEIV APNESETH