Trond Berg som har skreve om perioden 1969-2009, trekkjer fram tre forhold for å illustrere Valla sin innsats som LO-leiar:

– Ho reetablerte det fagleg-politiske samarbeidet mellom LO og Ap. Ho var avgjerande for etablering av det raud-grøne alternativet. Og ho spela ei viktig rolle for valsigeren til Ap i 2005.

– Veldig hyggjeleg – Det er veldig hyggjeleg å få ein slik attest frå anerkjende historikarar, seier Valla.

Ho overvar sjølv presentasjonen av tre-bandsverket, som er på vel 1600 sider.

Sjølv er ho i gang med å skrive eigne politiske memoarar frå tilhaldsstaden sin, eit kontor i Folkets Hus.

Berg meiner at Valla tok godt vare på LO sin maktposisjon i samfunnet slik den var manifestert gjennom Yngve Hågensen sin periode som LO-leiar.

Berg skildrar inngåande Valla sin maktposisjon og måten ho opptrådte på overfor den raud-grøne regjeringa etter at regjeringa var etablert i 2005. Ho stod på barrikadane for LO si line i sjukelønssaka i 2006 og utfordra regjeringa. Det hadde ho også gjort i pensjonssaka i 2001 og i striden om arbeidsmiljølova.

Han peikar på at fleire var kritiske til hennar «konfronterande stil». Det galdt mellom andre leiaren i Fellesforbundet, Kjell Bjørndalen, men også partisekretær Martin Kolberg. Både i partiet og i fagrørsla vart det snakka om behovet for å få dempa Vallas konfronterande line. Også statsminister Jens Stoltenberg skal ha vore uroleg over «balansen» mellom han sjølv og Valla.

Overvaking Bokverket, som er LOs offisielle historie frå 1899 til 2009, fortel også utførleg om kampen mot kommunistane og om den omfattande overvakinga i LO sin regi. Denne pågjekk frå krigens dagar og fram til 1970-talet. Mykje av dette stoffet er kjend frå før. Men nå er emnet samla og systematisert i perspektivet frå LO.

Ein pådrivar og «edderkopp» i denne overvakinga var bergensaren Konrad Nordahl. Han var sjølv tidlegare kommunist og var LO-formann frå 1939 til 1965.

Overvakinga omfatta nært samarbeid og informasjonsutveksling med etterretningstenesta i Forsvaret og med overvakingspolitiet (POT).

Eit døme på korleis samarbeidet var, er at Nordahl i 1954 bad etterretningstenesta i Forsvaret sjekke søkjarane til ei stilling ved juridisk kontor i LO.

Mot eigne medlemer Overvakinga omfatta LO sine eigne medlemer, og registreringa skjedde i fleire ulike register.

«Fagorganisertes sjanse til å havne i et eller annet register ble etter hvert ganske stor», skriv historikarane.

Dei fortel at ikkje berre politisk sympati vart registrert. Også personlege eigenskapar som intelligens, lynne, omdøme, livsførsel og familieforhold kunne bli notert ned og registrert.

Fagleg aktivitet og initiativ kunne også vere suspekt.

«Slik ble mange av de mest initiativrike og handlekraftige av LOs medlemmer også sett som farlige. Rommet for nye tanker og tiltak ble sterkt begrenset», heiter det i bokverket.

Konsekvensane av å bli stempla, kartlagt og registrert var i mange tilfelle yrkesforbod. Dei som vart brennmerka vart utestengt frå arbeidslivet.

BERIT ROALD, SCANPIX