Bergens Tidende har gjennomførd søk i den elektroniske postjournalen til alle departementa som er knytt til den offentleg tilgjengelege postjournalen. Resultata viser at det er enorme variasjonar og at fleire departement ligg svært langt etter med journalføringa.

Versting

Verstingen då journalsøket vart gjennomførd var «superdepartementet» til Bjarne Håkon Hanssen, Arbeids— og inkluderingsdepartementet. Det ferskaste dokumentet i postjournalen til dette departementet var datert 7. juli. Det inneber eit etterslep på nesten seks veker. Men ikkje nok med det: Det siste dokumentet som var førd inn i postjournalen var eit brev datert 13. juni.

Olje- og energidepartementet, med Odd Roger Enoksen som ansvarleg sjef, var «hakket betre». Her var det ferskaste dokumentet datert 14. juli.

Heller ikkje Justisdepartementet, med statsråd Knut Storberget, har noko å skryte av.

Best i klassen var Landbruks- og matdepartementet med Terje Riis-Johansen. Onsdag 16. august hadde departementet allereie lagt ut i den elektroniske postjournalen dokument som var datert 14. august.

Barne- og likestillingsdepartementet og Samferdsledepartementet fylgde hakk i hel.

- Uakseptabelt

— Det er fullstendig uhaldbart og uakseptabelt at fleire departement ligg så langt etter med innføring av saksdokument i den elektroniske postjournalen.

Det seier stortingsrepresentant Gunnar Kvassheim til BT. Han har i mange år vore Venstre sin hovudtalsmann i offentlegspørsmål.

— Å utsette innføring i den elektroniske postjournalen er det same som å undergrave intensjonen bak offentleglova. Verdien av innsynsretten er at innsynet kan skje til rett tid, når dokumenta er heilt ferske, slik at presse og opinion har sjanse til å fylgje med og engasjere seg før sakene er avgjort, seier Kvassheim.

- Kritikkverdig

Generalsekretæren i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy, meiner det er svært alvorleg og kritikkverdig med ein slik praksis som den som BT har avdekt.

— Det er i strid med alle lover og reglar at ein unnlet å halde postjournalen à jour og dermed gjer det uråd å halde seg orientert om dokumentgangen i forvaltninga.

Avdelingsleiar Tor Breivik i Riksarkivet, som er den institusjonen som handhevar arkivlova og arkivforskriften, slår fast at reglane for journalføring også gjeld for dei elektroniske postjournalane.

Det inneber at postjournalane skal førast fortløpande og at det ikkje er høve til å seinke journalinnføringane.

- Må leve med

Arkivleiaren i Olje- og energidepartementet, Else Karin Wiken, seier til BT at ferietida gjer at overføring til elektronisk postjournal, tek tid. Ho gjev uttrykk for at dette er noko ein må leve med. Ho seier at det ikkje er ynskjeleg at det er så langt etterslep over tid, men opplyser at postjournalane er tilgjengelege på papir i departementet.

Bodil Sunde, arkivleiar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, nektar plent for at utskriftene BT har fått, gjev eit rett bilete:

— Vi er heilt à jour. Dette må skuldast ein teknisk feil som vi ikkje kan forklare. Journalføring er høgt prioritert hjå oss, og vi sender dagleg over journalpostar til det elektroniske arkivet.