Sivilombodsmannen behandlar nå ei klagesak frå Bergens Tidende som gjeld krav om innsyn i dei hemmelegstempla dokumenta om den omstridde radaren i Vardø. Sivilombodsmannen er Stortinget si «vaktbikkje» som har i oppgåve å føre kontroll med forvaltninga.

Går til Stortinget

Sivilombodsmann Arne Fliflet seier til Bergens Tidende at det nå vil vere naturleg å orientere Stortinget om denne saka.

Det er den utvegen ombodsmannen har når han «møter veggen». Stortinget i plenum eller Odelstinget, har etter paragraf 75 f i Grunnlova rett til å krevje utlevert eitkvart offentleg dokument. Det må også ein justisminister bøye seg for.

Avslaget frå venstremannen Dørum blir særleg interessant i lys av at Venstre har søkt å profilere seg som det mest innsyns— og offentlegvennlege partiet.

Vil ta opp saka

— Dette er ei viktig sak som det etter mitt syn er naturleg at vi i Kontroll- og konstitusjonskomiteen fylgjer opp.

Det seier komitéleiaren, Ågot Valle, (SV) til Bergens Tidende.

— Dette gjeld veldig viktige spørsmål. Eg vil nå sette meg inn i den konkrete saka, seier Frp-formannen, parlamentarisk leiar Carl I. Hagen til Bergens Tidende.

— Dersom ombodsmannen meiner dette er ei viktig sak, har han både rett og på ein måte plikt til å legge saka fram for sine overordna, som er Stortinget. Så kan Stortinget behandle saka, seier Hagen.

Harald Hove (V), som tilliks med Hagen er medlem av Stortinget sitt grunnlovsutval, er samd med Hagen. Utvalet vurderer for tida mellom anna korleis Stortinget sine organ, som Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen, skal sikrast tilgang til dei opplysningane dei treng for å utøve kontrolloppgåvene sine.

- Uforståeleg og arrogant

— Ein kan forstå at forvaltninga har behov for å hemmeleghalde visse spørsmål som gjeld tryggleiken for riket. Men når diskusjonen går om kvar grensene skal gå for forholdet mellom regjering og Stortinget sine kontrollorgan blir dette uforståeleg og arrogant, seier generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening til Bergens Tidende.

— Det gjeld særleg om Stortinget ikkje har mot eller evne til å sette ned nokre gjerdestolpar. Konsekvensen vil vere at ålmenta blir stengd ute frå innsyn. Ei slik haldning låser fullstendig for at ålmenta får ta del i heilt sentrale spørsmål som gjeld demokratiet vårt, seier Øy.

fakta/dette er saka

  • Hausten 2000 kravde Bergens Tidende innsyn i korrespondanse mellom Utanriksdepartementet og Justisdepartementet som omhandla spørsmålet om korleis dei skulle handtere ombodsmannen sitt krav om innsyn i dokumenta om radaren i Vardø.
  • Ombodsmmannen fekk til slutt innsyn i dei hemmelegstempla radardokumenta, men han fekk berre tilgang til korrespondansen mellom dei to departementa i sladda form.
  • BT fekk også tilgang til dei same dokumenta, men BT meinte sladdingane var for omfattande og klaga saka inn for ombodsmannen på ny i oktober i fjor.
  • Ombodsmannen tok opp saka og kravde å få dokumenta i usladda form. Det er dette Dørum nå har avslege. Grunngjevinga hans er at forvaltninga har «behov for å kunne ha en intern dialog om hvordan en sak for Sivilombudsmannen skal behandles, uten at dette blir kjent for Sivilombudsmannen».