— Det er absolutt mitt eige frie val. Eg har hatt styreformann Jens P. Heyerdahl gråtande på kontoret mitt i eit forsøk på å overtale meg til å bli. Men eg har funne ut at det er best for Dagbladet og meg sjølv at eg nå går, forklarer Eriksen til Bergens Tidende.

«Ikkje motivert»

På eit allmøte i avisa grunngav Eriksen sjølv avgangen med at han ikkje lenger er tilstrekkeleg motivert for oppgåva.

Ifylgje klubbleiar Halvor Elvik fekk Eriksen «langvarig varm applaus» etter avskilstalen han heldt i går.

Elvik seier til BT at avgangen nå kom overraskande. BT er likevel kjend med at Elvik så seint som i fjor haust spådde at Eriksen kom til å vere ute av sjefsstolen innan 1. april.

Eriksen går etter det verste året i Dagbladets nyare historie når det gjeld intern uro, fallande opplagstal og bemanningskutt.

Eriksens avgang kjem berre få dagar etter at nyhenderedaktøren i avisa, også kasta inn handkledet. Hans forklaring var omsynet til familien.

Eriksen seier at han har vore i dialog med styreleiaren dei siste vekene og drøfta avgangen. Han avviser at han har fått signal om at det var ynskjeleg at han gjekk.

Uriaspost

Redaktørjobben i Dagbladet er den mest utsette i den norske medieverda. Konkurransesituasjonen og røff intern kultur gjer jobben yttarst krevjande.

Sidan Jahn Otto Johansen gjekk av som ansvarleg redaktør i Dagbladet i 1984 har alle dei fem ansvarlege redaktørane i avishuset gått av anten etter betydeleg intern uro eller er blitt pressa ut. Det gjeld Arve Solstad, Bjørn Simensen, Harald Stanghelle, John Olav Egeland og nå sist Eriksen.

Avgangen til Eriksen skjer berre kort tid etter at redaksjonsklubben har valt eit nytt og «tungt» styre for å møte utfordringane.

Hardkøyr mot Eriksen

Redaksjonsklubben har i meir enn eitt år etterlyst eit journalistisk program frå den redaksjonelle leiinga i avisa.

Eriksen er blitt skildra som ein løpegut for «blårussen» og det innleigde konsulentfirmaet Boston Consulting Group som endevende avishuset og forsura klimaet i lang tid.

Eriksen seier at Dagbladet nå har vore gjennom ein krevjande omstillingsprosess som han meiner har vore heilt nødvendig.

Han avviser kritikken mot Dagbladet for å vere mindre seriøs og viktig enn før. Han hevdar stikk i strid med både interne og eksterne kritikarar, at retninga på utviklinga av produktet Dagbladet er rett.

Jakt på ny redaktør

Eit eige utval skal nå jakte på ny redaktør. Mellom namn som sikkert blir lansert og vurdert kan vi nemne: Marie Simonsen, i dag politisk redaktør, John Arne Markussen i dag redaktør for forretningsutvikling, Lars Helle, som i går vart konstituert i stillinga, alle desse i Dagbladet. To andre kandidatar med bakgrunn frå Dagbladet kan vere Arne O. Holm, i dag redaktør for Brennpunkt-redaksjonen i NRK og Hilde Haugsgjerd, redaktør for Aftenpostens Aten-utgåve.