Han seier åtvaringane mot solariumbruk og soling er overdrivne. Moderate mengder solarium og sol kan halvere risikoen for brystkreft, viser blant anna ny forsking i USA.

Også Moan har i ei årrekkje forska på effekten av lys og sol på menneske, og hevdar at regelmessige, moderate mengder sol berre er av det gode.

– Sola er vår viktigaste kjelde til D-vitamin. Ved få nok D-vitamin gjennom sol og solarium, kan folk redusere risikoen for sjukdommar som eksempelvis kreft, diabetes, multippel sklerose, hjarte— og karsjukdommar og leddgikt, hevdar professoren.

– Kontroversiell

Moans tilråding om å bruke solarium som kreftforebyggande middel er kontroversiell. Kreftforeningen har i fleire år på generell basis frårådd folk å ta solarium.

– Vi har funne at folk som får diagnostisert alvorleg kreft om hausten, når kroppen har fått tilført mykje D-vitamin gjennom den solrike årstida, har større overlevelsesprosent etter tre år, seier Moan.

– Difor må mitt råd bli at folk kan ta solarium i moderate mengder i den mørke årstida. Moderat betyr å slutte i god tid før du merkar noko eller blir brent.

Moan er fullt klar over at solarium i årevis har vore eit fy-ord innan kreftforskinga.

– Solarium er sunt, brukt på rett måte, seier han.

D-vitamin er nøkkelen

I dag publiserer Moan ein artikkel i Tidsskrift for Den norske lægeforening der han meiner at den restriktive haldninga til soling og solariumbruk bør revurderast. Her viser han til den store helsefremmande effekten av D-vitamin, og at ulike former for soling er den viktigaste kjelda til vitaminet.

Han meiner at dei fleste nordmenn kan vere meir ute i sola, og dei som ikkje er spesielt sarte kan ta moderate mengder solarium i den mørke årstida. Dette trass i at rundt 250 menneske døyr av hudkreft i Noreg kvart år.

– Poenget er å unngå overdriven soling, Moderat soling, jevnt fordelt over året er sunt. Alternativet er å ete mye D-vitamin, seier Moan.

Professoren har også utført grunnforskinga bak hudkreft-medisinen Metvix; ein krem som blir påsmurt huda. Ei påfølgjande lysbehandling tek knekken på hudkreft-cellene. Til dagleg arbeider han ved Universitetet i Oslo og Radiumhospitalet.

I tillegg til sitt eige arbeid, viser Moan til fleire ferske rapportar som støttar konklusjonane hans rundt D-vitamin som forebyggande middel.

I ein fersk studie av 1760 kvinner påviste forskarane Cedric Garland og Edward Gorhan ved University of California nyleg effekten ved høgt inntak av D-vitamin. Ved å meir enn doble den tilrådde dagsdosen D-vitamin, vart førekomsten av brystkreft redusert med femti prosent.