— Dette storlomparet er eitt av dei ti para som lever i Hordaland, seier Jan Rabben, naturfotograf og biolog.

Storlom er ein fugl som står på den internasjonale raudlista over truga artar.

Tidlegare i år gav NVE konsesjon til ein vindmøllepark på Midtfjellet i Fitjar. 45 vindmøller med eit vengespenn på 110 meter i diameter kan bli den nye dødsfella for fuglane.

Ifølgje naturfotografen er det ikkje berre storlom som hekkar på Fitjarfjellet. Også eit kongeørnpar, heilo, hubro og smålom lever her.

Fryktar fuglens framtid

— Ei kvar ny dødsfelle for storlomen vil vere dramatisk, seier Alv Ottar Folkestad i Norsk Ornitologisk forening.

— Det vert sagt at fuglen unngår vindmøllene i 95 prosent av tilfella. Men berre ein gong er nok til å drepe den.

Ifølgje ornitologen har storlomen låg ungeproduksjon og eit sakte livsløp. Dei kan truleg bli over 40 år gamle. Auka dødelighet for vaksne fuglar vil vere alvorleg.

I alt 19 klagar på vindkraftkonsesjonen har kome inn til NVE. Blant dei er Norsk Ornitologisk forening.

— Opplysningar me har fått i det siste viser at området er viktigare for fleire fjellfuglartar enn det var antyda i konsekvensutgreiinga, seier Folkestad.

NVE på si side, meiner konsesjonen tar høgde for fuglebestanden på Fitjarfjellet.

— Det var ikkje funne truga fugleartar som hekkar i sjølve parkområdet. Storlomen hekkar utanfor dette området. I vår vurdering av truga fugleartar vurderte me det som akseptabelt med etablering av vindmøllepark på Midtfjellet, seier Linn Silje Undem i NVE.

Neste veke går anken vidare til Olje- og energidepartementet.

Ser til Smøla

Alv Ottar Folkestad meiner ein i Noreg er generelt lite villig til å dra lærdom av erfaringane frå undersøkingar kring fugl og vindparkar.

Han viser til vindmølleparken på Smøla på Nordmøre. Sidan full oppstart i 2005, viser undersøkingar at havørnbestanden er halvert på dei to åra. Det er registrert at 13 ørnar som har stroke med etter kollisjon med metallvingene i kraftanlegget med 68 vindmøller.

— Internasjonalt er vindparken på Smøla kjend som «The Smøla Case» eit døme på korleis ein ikkje skal byggje vindkraftanlegg i område med spesielle naturverdiar. Internasjonalt er Smøla eitt av dei verste i høve til tap av fugl, seier ornitologen.

SJELDAN SYN: - Mange har høyrt om storlomen, men det er svært få som har sett den, seier naturfotograf Jan Rabben. På fototur på Fitjarfjellet fanga han det sjeldne paret på film.
Jan Rabben