VIDAR YSTAD

Dei nye forklaringane i Borgarting lagmannsrett har eit heilt anna innhald enn då Hamre for om lag eitt år sidan forklarte seg som vitne i Oslo tingrett i same sak.

Kan bli farleg for Flatland

Dersom retten festar lit til Hamre si forklaring, kan det verke til å svekke Flatland si stilling.

Hamre hevda i går at pengane på den hemmeleghaldne Flatland-kontoen i Monaco var Hamre sine eigne pengar. Han hevda at dette var pengar som han hadde «silt av» som forteneste i USA ved kjøp og formidling av hest.

I tilknyting til dette hevda Hamre i går at Flatland skuldar han 2,6 millionar kroner frå innskot på kontoen som stod i namnet «Benjamin Overseas Inc.».

Om kvifor han ikkje har forklart dette tidlegare, forklarte Hamre at han var heilt sikker på at ingen ville ha trudd han. I staden ville alle ha sagt at det var «utpressarpengar» som hadde funne vegen til Monaco.

— Men det eg seier nå er sant, forsikra han.

- Fiktivt gjeldsbrev

For det andre hevda han at eit gjeldsbrev som er utskrive mellom Flatland og byggmeister Øyvin Nydal er fiktivt. Gjeldsbrevet skulle vise at Flatland står i gjeld til Nydal. Men slik er det ikkje. Ifølgje Hamre er det også underteikna eit dokument som fortel at det ikkje er nokon realitet bak gjeldsbrevet.

For det tredje forklarte Hamre at Nydal har fortalt han at Nydal under eit møte med Flatland i Tønsberg, var blitt beden om å endre forklaring for å hjelpe Flatland. Ifølgje Hamre si forklaring skal Nydal ha fortalt at Flatland hadde sagt at Nydal hadde endra forklaring så mange gongar at det ikkje gjorde noko om han endra forklaring ein gong til.

Gjeld begge vegar

Samstundes eksisterer det to gjeldsbrev som viser at Flatland har til gode vel 1,6 millionar frå Atle Hamre og vel 350.000 kroner frå kona til Atle Hamre.

Det første refererer seg til den berømmelege hytta i Uvdal som Flatland vart dømd til å levere tilbake til eks-skipsreiar Thor Christensen i Sandefjord. Her har Flatland i ettertid mellom anna kravd Hamre for 60.000 kroner i årleg leige gjennom sju år, til saman 420.000 kroner, utan at det på førehand låg føre nokon slik leigeavtale. Resten av beløpet gjeld kjøpesum og inventar.

Det andre gjeldsbrevet gjeld ein bil som Flatland stilte til disposisjon for fru Hamre.

Hamre ville i går ikkje svare på spørsmål om kven som til sjuande og sist har nettogjeld til kven: om det er han som skuldar Flatland pengar, eller omvendt.

Mottrekk

Forsvarar Erling Lyngtveit sine mottrekk mot Hamre sine nye forklaringar er å hevde at Hamre dels har fått «hjelp» frå Økokrim. Dels hevdar han at Hamre har inngått avtalar med Økokrim om fordelar eller gode dersom han forklarar seg slik Økokrim ønskjer.

Men i retten i går gav Hamre uttrykk for manglande tillit til Økokrim på ein måte som det ikkje er lett å sjå passar inn i eit slikt bilete.

Den manglande tilliten til Økokrim var grunnen til at han kravde å få med seg advokat då Økokrim ynskte å gjennomføre nye avhøyr av Hamre.