Det løner seg å vera liten når vaksinar skal fordelast.

I dag gjekk Bergen kommune tom for vaksine mot svineinfluensa. Framleis er det mange i risikogruppene som ikkje har fått vaksine i dei store kommunane i Hordaland.

Delar med naboane

I Modalen, derimot, har dei fått nok vaksinar til alle innbyggjarane. Det er til og med nok vaksinar til at dei kan dele med naboane i indre delar av Vaksdal.

— Eg har tatt vaksinen i dag, førebels utan biverknader, seier ordførar Knut Moe.

Frå før nyt innbyggjarane i Modalen godt av kraftinntektene. Men kommunalsjef Oddvin Neset seier det ikkje er pengar som har skaffa Modalen alle vaksinane dei treng.

- Beklageleg

  • Det er så enkelt som at Folkehelseinstituttet ikkje sender ut mindre enn 500 vaksinar i kvar pakke. Og i Modalen bur det 350, seier Neset.

Modalingane får vaksine i dag og i morgon.

Ordføraren er glad for at sambygdingane er sikra vaksine.

— Men det er beklageleg at det ikkje er likt for alle, seier han.

Sjå kor mange vaksinar kommunen din har fått!

Kva synest du om vaksinehandteringa? Sei di meining!