Larsen bur i Lavik, men arbeider i Bergen. I går ettermiddag sette han seg i bilen på Kokstad for å køyre heim til Lavik i helga. På ferja frå Oppedal til Lavik måtte vekependlaren i tillegg til ferjebilletten også betale bompengar. Der krev nemleg Fjord1 Fylkesbaatane inn bompengar for Bogstunnelen nokre mil aust om Lavik. Kvar gong Larsen betaler til ferjebillettørane, lyt han også ut med ein slump bompengar. For ein veg han ikkje køyrer når han berre skal til Lavik.

— For meg er dette eit spørsmål om rettferd. Kvifor skal eg betale bompengar for eit anlegg eg ikkje brukar?, spør bompengeaktivisten.

Larsens ansvar

Larsen sit i Høyanger kommunestyre for Samlingslista, ei bygdeliste med utspring i Lavik. I kommunestyret og lokalaviser har Larsen markert seg som ein uvanleg debattglad lokalpolitikar. Han reagerte difor då planane om bompengesambandet mellom Lavik og Vadheim blei lansert.

— Eg sende ein formell klage for to og eit halvt år sidan. Det er eg som førte denne klagen inn for ESA, seier han.

ESA er kontrollorganet som skal syte for at EØS-avtalen blir etterlevd. Dei meiner ordninga er ulovleg, og har bedt Samferdsledepartementet kome med ei utgreiing om innkrevjinga av bompengar på Lavik-Oppedal. Seinare i vinter skal ESA ta endeleg stilling til om dei meiner metoden for å hente inn bompengar er lovleg eller ikkje. Det er altså ikkje korrekt at saka er endeleg avgjord, slik det i går blei framstilt i nokre media.

Men mykje tyder på at det kan kome til å skje. Det vil i så fall setje stopp for denne spesielle måten å krevje inn bompengar, ein metode som har vore nytta mange andre stader enn i Ytre Sogn. Konsekvensen kan også bli at norske styremakter må ta ein større del av kostnaden med vegbygging over statsbudsjettet.

Sambygdingane

— Du seier det er ditt ansvar at denne saka no kjem inn for ESA. Men dermed blir du også ansvarleg for at alle sambygdingane dine som pendlar til Høyanger, i framtida risikerer å betale bompengar?

— Ja, men det skal eg stå for. For det må vere slik at det er brukarane av eit bompengesamband som skal betale bompengane. Om ikkje det skal vere prinsippet, kan bomstasjonen plasserast kvar som helst. Oslo sentrum ville gitt store inntekter og rask nedbetaling, føreslår Larsen.

— Syns du det er ei reell samanlikning?

— Sjølvsagt er det å dra det langt, men eg meiner det er reelt ja. I dag er situasjonen den at alle som skal til Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord betaler for ein tunnel dei ikkje køyrer. Dei betaler for ei vare dei ikkje får.

— Men bompengeselskapet hevdar at 95 prosent av dei som tek ferja køyrer E39 og den bompengefinansierte tunnelen?

— Då trur eg dei tek hardt i. Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har sett at det er undersøkt, seier Karl Ivar Larsen.

eirik brekke