— Dette er ikkje noko mindre enn ein sensasjon. Dei som står bak dette har gjort ein kjempejobb. Eg håpar for all del dette lukkast, seier matattache Gunnar Nagell Dahl ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland.

Meir enn 90 aksjonærar har gått inn med kapital i selskapet Mobilslakt AS som eig trekkvogna og hengaren der slaktinga skal gå føre seg.

— I all hovudsak er dette bønder som driv økologisk. Men vi vil også tilby slakting hos bønder som ikkje driv økologisk, opplyser dagleg leiar Mobilslakt, Torill Malmstrøm. Ho er veterinær og busett i Vestby i Akershus. Gardbrukar Jarl Iversen i Holmedal i Sunnfjord og Birthe Larsen på Bergen strutsefarm er andre sentrale aktørar i selskapet.

Lam i Aurland

Det 16 meter lange slaktevogntoget står no til utrusting på Skodje utanfor Ålesund. Bilen skal visast fram under Bergen Matfestival i første halvdel av september. Deretter går turen vidare til første oppdrag i Aurland, der bilen skal brukast til å slakte lam.

— Vi skal slakte på gardane og frakte kjøt i staden for levande dyr, seier Malmstrøm.

Det mobile slakteriet består av ei trekkvogn med tilhengar. Trekkvogna har eit påbygg med kjølekapasitet og plass til 50 småfe. Sjølve slakteriet er på tilhengaren. Berre i trekkvogn og hengar har selskapet investert 2,2 millionar kroner.

— Vi skal avlive husdyra i sitt eige miljø, og utan at dei blir stressa. Dyra blir spart for lang transport og oppstalling på slakteri før slakting, seier Malmstrøm.

Betre kvalitet

I dag blir tyngda av alle husdyra transporterte lange avstandar til store sentralslakteri. Slakterisentraliseringa hindrar mange bønder frå å produsere kortreist mat frå eigen gard. Mobilslakt vil fjerne denne flaskehalsen. I tillegg gjer slakting på gardane at kjøtet blir merka med opphav. Malmstrøm er ikkje i tvil om at kvaliteten på kjøtet som kjem ut til forbrukarane blir betre, og får full støtte frå Gunnar Nagell Dahl:

— Dei lange transportane stressar dyra og gjer dei redde. At det går utover kjøtkvaliteten er det ikkje tvil om. Dei som ikkje trur det kan steike ein svinekotelett kjøpt i frysedisken på kolonialbutikken og ein som er slakta på ein gard. Då vil du både smake og sjå skilnaden. Den du har kjøpt i butikken krøllar seg i steikepanna, han er tørr og har lite smak. Koteletten frå grisen som blei slakta i sitt eige miljø er fin og saftig, reklamerer Nagell Dahl.

Han meiner det mobile slakteriet som frå i haust vil rulle på vegane i dei to vestlandsfylka, kan føre til at ein trend blir snudd.

— Dette opnar for å endre på den veldige sentralisering som har skjedd innan slakteribransjen. Det opnar for meir lokal foredling og betre matkvalitet, jublar han.

Innanfor reindrifta er det frå før mobile slakteri, og det har vore gjort fleire forsøk på å etablere mobile slakteri for landbruksdyr. Men styremaktene har alltid sagt tvert nei. Til no.

— Det som gjorde at det blei gitt grønt lys denne gongen, var at Mattilsynet kom med på laget, trur Gunnar Nagell Dahl.

Lokalt

Mobilslakt A/S vil at det skal bli enklare å få økologisk og lokalprodusert mat ut til forbrukarane.

— Vi meiner at kjøt skal slaktast, foredlast og omsetjast lokalt. Vi trur det mobile slakteriet skal vere med på å auke lokal verdiskaping. Bonden vil få styringa med heile prosessen. Vårt mål er at dyrevelferd og kvalitet skal gå hand i hand, seier Malmstrøm.

— Men er det marknad for å få til heilårsdrift på eit mobilt slakteri?

— Vi meiner det. Vi har løyve til å slakte både småfe, storfe og gris i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei einaste dyra vi ikkje har lov til å slakte er vaksne storfe, i praksis oksar og kyr, seier Malmstrøm.

Ein søknad om økonomisk støtte ligg no inne hos Innovasjon Norge, og skal opp tidleg i september.

— Vi er spente på utfallet, seier Torill Malmstrøm.