Det gav han uttrykk for under eit folkemøte i Årdal i går, som markerte LO sin valkampstart. Eit tilsvarande møte vart halde i Mo i Rana samstundes.

Generell industripolitikk, kraft— og energipolitikk var hovudtema saman med statleg styring i verksender der Staten er stor eigar.

Årdølane fekk lovnader om at elektrisk kraft som vert produsert i Årdal, skal brukast på arbeidsplassar i kommunen. Berre Leif Frode Onarheim (H) reserverte seg.

— Eg kjenner ikkje godt nok til dei avtalane som gjeld, sa Onarheim.

Også Onarheim vil ha ei betre forklaring frå Hydro på kvifor dei kvir seg for å satsa på Årdal.

— Det går an å sparka Eivind Reiten, byrja Onarheim, til applaus frå salen.

— Men det er ikkje noko å klappa for. For det vil føra til at utanlandske verksemder ikkje vil etablera seg i Noreg. Eg er ikkje sikker på at stortingsrepresentantane er dei beste industribyggarane her i landet, sa han.

Moralsk ansvar

Olav Akselsen hevda at Hydro har eit moralsk ansvar for Årdal og andre norske industristader. Han grunngav dette med at Hydro sin sterke økonomi er grunna på norsk natur.

Tre joviale paneldeltakarar frå Ap, SV og Sp understreka brei semje om å danna regjering, men også ulikt syn i einskildspørsmål.

Steng gassen!

EU var ikkje til å koma utanom. Toll og dumpingpåstandar, som laksenæringa stadig opplever, ville vera øydeleggjande for aluminiumsindustrien.

— EØS er ei husmannskontrakt. sa Olav Akselsen (Ap).

— Vi treng ikkje vera best i klassen. Vi tek alt bokstaveleg, medan andre kreativt finn smutthol til fordel for industrien sin, sa Liv Signe Navarsete (Sp).

— Vi må seia til EU at dei må slutta å kødda med laksen vår, elles stenger vi gasskranen. Så kan dei sitja der og frysa, hevda Hallgeir Langeland (SV).