Ikkje Amerika, men Amerika For ekte Oslo-ungdom er det ei uoverkommeleg oppgåve å skilja mellom småstatane i Mellom-Amerika.KJARTAN FLØGSTADNynorsk-forfattaren og sør-amerika-eksperten Kjartan Fløgstad skreiv nyleg eit brev til byrådet i Oslo, der han gjer framlegg om at Sør-Amerika blir eit valfritt "sidemål" i geografi-faget.Tilbakemeldingar frå ulike delar av utdanningssystemet tyder på at elevane ved Oslo-skulane ikkje har gode nok kunnskaper om Amerika. Etter vår meining er det naudsynt at elevane får meir tid til å arbeida med hovud-Amerika i nord, utan å måtta bruka mykje verdifull tid på det sørlege subkontinentet. I det heile kan det reisast tvil om Sør-Amerika er eit eige kontinent, og ikkje berre eit vedheng til hovudkontinentet i nord.Dagens ordning med obligatorisk opplæring i begge dei amerikanske verdsdelane gjer at ein betydeleg del av tidsbruken i geografifaget går med til å arbeida med mindre vesentlege detaljar frå den sør-amerikanske delen av Amerika.For ekte Oslo-ungdom er det såleis ei uoverkommeleg oppgåve å skilja mellom småstatane i Mellom-Amerika. Det er å kasta bort verdifull tid å undervisa i dei ubetydelege skilnadene mellom Paraguay og Uruguay. Undersøkingar tyder på at blant eit fleirtal av elevane i Oslo-skulen er det revnande likegyldig om Honduras er hovudstaden i Tegucigalpa, eller omvendt.I dag blir latinamerikanarar ofte omtala som "degos" eller "svartingar". Alle som elskar latinamerikansk litteratur og samfunnsliv, vil unna verdsdelen ein betre lagnad. Det oppnår ein ved å byggja opp glede over kontinentet, ikkje gjennom tvang.Medan Nord-Amerika er eit grunnfesta vestleg demokrati, har det herska diktatoriske tilstandar over store delar av Sør-Amerika. Her er det nok å nemna Cuba, som kan gi Oslo-ungdom udemokratiske politiske ideal, dersom dei skulle få for mykje kunnskap om dei verkelege tilhøva på øya. Ein legg til grunn at svært få Oslo-ungdommar vil få praktisk nytte av Sør-Amerika i sin vidare yrkeskarrière. For Oslo kommune ville ei forsøksordning med valfri Sør-Amerika-opplæring i vidaregåande skule vera eit veleigna virkemiddel for å få større breide og fordjupning i arbeidet med den delen av Amerika som framstår som den mest nærliggjande.Alt i dag er det slik at 90 prosent av alt som blir sagt om Amerika, handlar om Nord-Amerika. I valet mellom Amerika og Amerika tyder undersøkingar på at eit overveldande fleirtal av Oslo-elevane ville velja den nordlege delen. Dette er også den mest moderne. Det er ikkje mykje om Latin-Amerika på ein PC. Sør-Amerika er dessutan så likt Amerika at det berre skaper forvirring å læra om begge. På den andre sida vil ein understreka at Oslo kommune i utgangspunktet ikkje vil leggja vanskar i vegen dersom elevar på eiga hand prøver å skaffa seg kunnskap om Sør-Amerika.Ubetydelege øyar Det verste ved den obligatoriske undervisninga i Sør-Amerika er at den stel mykje dyrebar tid frå hovuddelen av kontinentet. Oslo kommune bør derfor gå inn for ei forsøksordning der ein i ein treårsperiode stryk Sør-Amerika frå kartet og i staden konsentrerer undervisninga om Amerika. Dersom det viser seg at prøveordninga er vellykka, ser ein for seg at forsøket vil kunna utvidast til å gjelda dei mest forvirrande kyststrekningane på Vestlandet og i Nord-Norge, og einskilde særleg ubetydelege øyar i ytre Oslofjord. Det er ein føresetnad at ein skaffar nytt undervisningsmateriell som samsvarar med retningslinjene i forsøksordninga. Her kan ein også sjå for seg ei verdifull forenkling av historiefaget.For elevane vil det by på klåre pedagogiske fordelar, medan det for fleirtalet i byrådet bør vera ein tiltalande tanke at den nåverande svært uryddige og mangfaldige sør-amerikanske verdsdelen frå nå av kan erstattast med eit einsfarga hav av blått i blått i atlas og globusar til bruk i Oslo-skulen.