Bergen Ap vil bruke bybane, piggdekkavgift og el-bilar til å redusere CO2-utsleppa med minst 30 prosent innan 2030.

  • Bybanen skal utvidast til Loddefjord og Åsane, og forlengast til Flesland.
  • Gjeninnføre piggdekkavgifta til vinteren, med mål om 90 reduksjon i piggdekkbruk.
  • Alle kommunale biler skal anten vere el-bilar eller gå på biodrivstoff.
  • Etablere eit fullstendig sykkel— og gangnett.
  • Innføre panteordning for gamle oljeomnar
  • Det skal byggjast langs hovudtransportårene og fortettast i bysentra.
  • Fleire returstasjonar.
  • Kutt i petroleumsindustrien.
  • Lyntog frå Bergen til Oslo.
  • Elektrifisering av hamna for å redusere utslepp frå cruisebåtar som ligg til kai.
  • Ap har ikkje med vegprising i sin plan.

- Vil gje ubehag

— SV vil gjere noko som gjev litt ubehag, sa Oddny Miljeteig til BT 16 mai. Spesielt vil bilistane få merke SVs klimakrav.

  • SV vil fjerne 2000 parkeringsplassar i sentrum innan 2009, og erstatta desse med skyssanlegg i bydelane.
  • Dei vil ha fleire bussar på vegane, og foreslår kollektivfelt på alle firefelts innfartsårer inn mot sentrum.
  • Rushtidsavgift skal bremse biltrafikken.
  • Elektrifisering av hamna.
  • SV foreslår at kommunen kjempar mot rullebane nummer to på Flesland.
  • Utbetre Bergensbanen, slik at reisetida kjem ned mot fire timar. Prosessen med høgfartstog og Haukelibane skal gå parallelt.