VIDAR YSTAD

Oslo

Då søknadsfristen gjekk ut 2. september hadde det meld seg 69 søkarar. 11 av søkarane vart haldne hemmelege.

Statsministerens kontor valde å bruke ein privat konsulent til å behandle søknadene og vurdere kandidatane.

Hemmeleghald

Hemmeleghaldet av søkarane skjedde etter initiativ frå denne konsulenten, Geir Fottland, i ISCO Group.

Bergens Tidende er kjent med identiteten til fleire av dei søkarane som ikkje stod på den offentlege søkarlista. BT har vore i kontakt med fleire av dei, og dei kan fortelje at dei nærmast vart oppfordra til å be om anonymitet av konsulenten, utan at dei sjølve hadde vore inne på tanken.

Stillinga kan etter utlysingsteksten lønast heilt opp til lønstrinn 80, eller 648.300 kroner.

Vart utdefinert

Det forunderlege er at fleire svært kvalifiserte søkarar i det heile ikkje har vore innkalla til intervju. Det betyr at dei er utdefinert frå det som er ei svært godt betalt offentleg stilling.

I utlysingsteksten vart det opplyst at ein var ute etter ein person med relevat høgare utdanning og god informasjonsfagleg bakgrunn. Det var vidare opplyst at erfaring frå media, anten som journalist eller informasjonsrådgjevar, var ynskjeleg.

Bergens Tidende er kjent med at trass i desse formuleringane, har søkarar som i hovudsak har journalistisk bakgrunn forutan høgare utdanning, blitt definert ut og ikkje innkalla til intervju.

Forklaringa

Statsministerens kontor har gjeve denne forklaringa til Bergens Tidende:

«Når det gjeld føringar som er gjevne til ISCO-group, viser vi til det som går fram av utlysingsteksten. Utanom krava som blir stilt til fagleg kompetanse og relevant erfaring, har det vore viktig å finne kandidatar med naudsynt rolleforståing og som er personleg eigna for ei slik stilling. I denne samanhengen er det viktig med gode analytiske og strategiske evner og velutvikla kommunikasjonsevner.

Det går fram av utlysingsteksten at «kontoret søker ein person med brei informasjonsfagleg bakgrunn. Erfaring frå media har vore ynskjeleg, men treng ikkje vere tilstrekkeleg. Vi har også lagt vekt på annan kommunikasjonsfagleg kompetanse.»

Slaktar prosessen

Arbeidsrettseksperten, professor Henning Jakhelln, ved Universitetet i Oslo, er svært kritisk til handteringa av denne saka.

— Det heng dårleg saman med utlysingsteksten, dersom det er slik at søkarar med i hovudsak journalistisk bakgrunn, er utdefinert. Dersom det er noko anna dei er ute etter, burde det ha framgått klart av utlysingsteksten. I så fall har dei lagt for lite arbeid i utforminga av utlysingsteksten.

— Dette er ei offentleg stilling på høgt nivå. Då er det ein grunnregel og svært viktig at det ikkje heftar noko ved prosessen som kan skape mistanke om at det skjer nokon form for kameraderi. Den beste måten det kan skje på, er at prosessen er open for innsyn, slik at utanforståande kan kontrollere prosessen, seier Jakhelln.

«Manipulere søkarar»

  • Dersom ein opererer med ein utlysingstekst og ein annan intern dagsorden eller kriterie som avvik frå utlysingsteksten - på ein måte som lokkar folk til å søke på sviktande grunnlag - så er det ein måte å manipulere søkarane. Det er grunnleggande uheldig.

— Er det det som har skjedd her?

— Eg syns det minner om det. Dersom ein var vondsinna kunne ein til og med få den mistanken. Eg synest ikkje denne prosessen ved statsministerens kontor er særleg tillitvekkande, seier Jakhelln.

MANGE SØKARAR: 69 har søkt jobben som pr-agent for statsminister Kjell Magne Bondevik. 11 av søkarane vart haldne hemmelege. ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND