VIDAR YSTADOslo

Minst fire norske statsrådar har offentleg, både i og utanfor Stortinget, gjeve forsikringar om at våpna ikkje medførte strålingsfare

Ukjend for Løwer Tidlegare forsvarsminister Eldbjørg Løwer opplyser til Bergens Tidende at ho ikkje har hatt kjennskap til at norsk militært personell vart instruert om å halde seg minst 50 meter unna stridsvogner som var råka av våpen som inneheldt utarma uran.

– Eg ville likt det svært dårleg om det var meir informasjon i det systemet der eg satt, enn det eg som ansvarleg statsråd fekk. Eg gav vidare den informasjonen eg fekk. Eg har i dag ingen grunn til å tru at informasjon vart halde tilbake for meg, seier Løwer.

Samstundes rettar ho kritikk mot NATO for at informasjonsflyten til dei små landa som deltok i operasjonen, var for dårleg medan operasjonane pågjekk.

«Helsekatastrofe» Alt i april 1999, like etter at Nato-åtaka mot Jugoslavia tok til, skreiv Bergens Tidende med utanlandske ekspertar som kjelde at:

«NATOs bruk av radioaktiv ammunisjon i Kosovo vil forårsake en helsekatastrofe som sivilbefolkningen i regionen må leve med i generasjoner».

I juli 1999 opplyste utanriksminister Knut Vollebækk på vegner av helsminister Dagfinn Høybråten i skriftleg svar til SV-representanten Hallgeir Langeland, mellom anna:

«Det er ikke holdepunkter for å anta at norsk personell vil være utsatt for nivåer av utarmet uran i Kosovo som vil medføre helserisiko.»

Sterk motstrid I dag opplyser pressetalsmannen i Forsvarets Overkommando, brigader Kjell Grandhagen, til Bergens Tidende at «det har vore allment kjent sidan sommaren 1999 at det vart brukt utarma uran i NATO-våpen i Kosovo».

Denne opplysningen står i grell kontrast til opplysningar frå norsk personell som har arbeidd i Kosovo.

Informasjonssjef Ivar Christiansen i Norsk Folkehjelp arbeidde sjølv eit halvt år i Kosovo frå sommaren 1999.

Han opplyser til Bergens Tidende at han sjølv tok spørsmålet om bruk av utarma uran medan han var der.

– Leiinga for den norske KFOR-styrken slo då fast at det ikkje var brukt slike våpen i Kosovo i det heile.

NRK-journalisten Håkon Haugsbø var presseoffiser ved KFOR-styrken frå juli 1999 til januar 2000. I går fortalde han til avisa Verdens Gang at spørsmålet om strålingsfare vart teke opp med representantar for Forsvarets Overkommando. Dei skal ha avvist dette som ei «ikkje-eksisterande problemstilling».

Les også: EU skal samle inn uraninformasjon Soldater kunne vært strålestestet — Vondt når en ikke vetStøv i luften i 10 år

Leiinga for den norske KFOR-styrken slo fast at det ikkje var brukt våpen med uran i Kosovo. (FOTO: REUTERS)