Overleveringa skjedde før Forsvarsdepartementet hadde motteke formelt krav frå komiteen om å få rapporten utlevert. Komiteen kravde onsdag å få rapporten, men brevet var ikkje sendt. Vedtaket kom etter at Bergens Tidende informerte medlemer av komiteen om rapporten.

Minst for pengane i Noreg

Ein hovudkonklusjon i den 90 siders rapporten er at danskane får meir forsvar igjen for kvar krone som blir brukt på forsvaret, enn tilfellet er i Noreg.

Det opplyser statssekretær Bård Glad Pedersen i Forsvarsdepartementet til BT. Han meiner det understrekar behovet for å gå vidare med omstillinga i Forsvaret.

Pedersen seier at det alt vesentlege i rapporten kan offentleggjerast. Berre visse graderte opplysingar skal lukast ut.

Rapporten som er levert til forsvarskomiteen er gradert, og altså komplett.

Klar i februar

— At danskane får meir forsvar ut av kvar invester krone, er ein svært interessant og viktig konklusjon. Vi må nå gå grundig inn i dette stoffet, seier Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Sp og medlem av forsvarskomiteen, til Bergens Tidende.

Ho reagerer sterkt på at rapporten var ferdig alt midt i februar utan at Stortinget har fått nokon opplysningar.

— Det er diverre karakteristisk for situasjonen når det gjeld formidling av informasjon om Forsvaret. Opplysningar kjem anten på bordet gjennom journalistar som grev, eller gjennom krav frå Stortinget - ikkje uoppfordra, seier Arnstad.

— Med ein slik hovudkonklusjon som den eg nå får referert, blir det endå klarare at denne rapporten burde vore oversendt til Stortinget straks han var klar. Vi er midt oppe i behandling av saker som gjeld pengebruk og innsparingar i Forsvaret, seier stortingsrepresentant Kjetil Bjørklund til Bergens Tidende. Han er forsvarspolitisk talsmann i SV.

Skulle fått tilgang i februar

— Det har vore rot på rot og ansvarsfråskriving i Forsvaret og Forsvarsdepartementet. At rapporten var klar alt midt i februar inneber at rapporten burde vore tilgjengeleg for Stortinget før den første kontrollhøyringa med forsvarsministeren, 21. februar i år, seier Bjørklund.

— Alt vi har sett av manglande evne hjå forsvarsministeren og Regjeringa til å få styring med økonomien i Forsvaret viser at dei er ute av stand til å gjere jobben, seier Bjørklund.

Også Gunnar Halvorsen som representerer Ap i komiteen, seier til Bergens Tidende at det er klart at komiteen for lengst burde ha fått denne rapporten.