Det er dei mange verva til styreleiaren i Helse Midt-Noreg, Per Sævik, og nestleiaren i Helse Vest, Arne Norheim, som har fått Riksrevisjonen til å reagere.

Partifelle

Per Sævik er tidlegare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Møre og Romsdal og dermed partifelle av helseminister Dagfinn Høybråten. Han var registrert med 32 styreverv då Riksrevisjonen slo alarm på slutten av fjoråret.

Arne Norheim, som mellom anna er tidlegare toppsjef i SR-bank i Stavanger, stod på same tid oppførd med 29 styreverv.

Sævik var også dagleg leiar/administrerande direktør i fem aksjeselskap.

Norheim hadde på si side berre eitt aksjeselskap han var dagleg leiar/administrerande direktør i.

Krevjande verv

Ein gjennomgang som Bergens Tidende nå har gjort, viser at Sævik er styreleiar i 15 selskap og styremedlem i 17. Han er også varamedlem til eitt styre.

For Norheim sin del viser ein tilsvarande gjennomgang at han er styreleiar i 12 selskap, nestleiar i to og styremedlem i åtte. Han er varamedlem til eitt styre.

Det er grunn til å rekne med at verv som styreleiar eller nestleiar er vesentleg meir arbeidskrevjande enn å vere vanleg styremedlem.

Begge driv omfattande privat næringsverksemd. Det har mellom anna resultert i at Sævik i lang tid var i Økokrim sitt søkelys.

Konfronterte

Riksrevisjonen har nå konfrontert Helsedepartementet med departementet sine eigne utsegner om at styreverv i dei regionale helseforetaka «krever betydelig innsats, særlig i perioder. Omfanget av aktuelle kandidaters øvrige stillinger og verv må være forenlig med den tidsbruken det er rimelig å påregne at styrevervet krever.»

Dette skreiv departementet då stortingsmeldinga om helseføretak vart lagt fram for Stortinget.

Riksrevisjonen har stilt Helsedepartementet spørsmål om korleis eit slikt omfang av verv og engasjement som desse to tillitsvalde har, let seg kombinere med den tidsbruken som ein må rekne med at verva i eit regionalt helseføretak krev.

Departementet har svart at talet på styreverv og stillingar som dagleg leiar for dei to «synes høyt». Men departementet seier at ein ikkje har motteke signal som tyder på at dei ikkje fyller rollene sine i styra.

Riksrevisjonen er på ingen måte ferdig med saka. Ekspedisjonssjef Therese Johnsen opplyser til Bergens Tidende at Riksrevisjonen vil fylgje opp saka vidare.

— Vi er opptekne av denne saka, seier Johnsen. Det vil bety at saka vil bli innrapportert til Stortinget i revisjonsmeldinga som går til Stortinget til hausten i samband med 2003-revisjonen.

MANGE BEIN: Styreleiaren i Helse Midt-Noreg, Per Sævik, har i tillegg 32 styreverv og fem direktørjobbar. Det er for mykje, meiner Riksrevisjonen.