— Røming er havbruksnæringa sitt største miljø- og omdømmeproblem, sa Helga Pedersen då ho i går talte på årsmøtet til Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL).

Over 1,1 million fisk rømte frå norske oppdrettsanlegg i fjor.

I år er straffereaksjonane mot oppdrettarane som ikkje held seg til reglane skjerpa. Ein offentleg rømmingskommisjon er oppnemnd for å analysere årsaka til alle rømminga og riksadvokaten har bedt politiet prioritere etterforsking av rømmingssaker høgare.

Pedersen varslar at rømmingane må ned. Skjer ikkje det så vil vi vurdere fleire grep, seier Pedersen.

Stogge veksten

Fiskeriministeren ville i går ikkje utdjupe kva slags nye tiltak som kan vere aktuelle dersom oppdrettsnæringa ikkje lukkast i å snu den negative utviklinga.

Miljøorganisasjonen Bellona har lansert sitt eige forslag, å forby oppdrettarane å auke produksjonen inntil oppdrettarane viser at dei klarer å hindre rømming.

Pedersen seier det er for tidleg å seie noko om kva slags tiltak som er aktuelle, men understrekar åtvaringa ved å seie at: - Eg kjem til å følgje rømmingsutviklinga veldig nøye.

Skal halvere flukt

Også oppdrettarane sjølve er skremde over konsekvensane manglande kontroll over rømmingane kan få. Frykta er både å tape godvilje og vanskar med å få etablere og drive heime i Noreg, og negative reaksjonar ute i verdsmarknaden.

Problemet med rømt oppdrettslaks er at den kan vandre opp i elvane og fortrengje dei ville laksestammene frå gyteområda. Det er også frykt for at rømt oppdrettstorsk av same årsak skal slå negativt ut for vil kysttorsk.

Denne frykta er bakgrunnen for at årsmøtet i FHL vedtok eit mål om minst å halvere talet på rømt oppdrettslaks i år. Det betyr at talet på rømt laks skal ned til i overkant av 450.000.

Tvilar på rapport

Ein rapport firmaet Rådgivende Biologer har laga for Fiskeridirektoratet konkluderer med at den viktigaste kjelde til rømt oppdrettslaks, som vandrar opp i elvane, ikkje er store rømmingar av vaksen fisk. Hovudkjelda er massevis av små rømmingar av nyutsett smolt, rømmingar som aldri blir oppdaga. Denne smolten vandrar til havs og kjem attende som gyteklar laks.

Oppdrettarane sjølve har lagt lite vekt på denne rapporten i sitt arbeid for å redusere rømmingsproblemet. Leiar for oppdrettarane sitt eige anti-rømmingsarbeid, Tarald Sivertsen, seier han trur rapporten gir eit overdrive inntrykk at omfanget av smolt som rømmer.

FRÅ VONDT TIL VERRE: Då fiskeriminister Helga Pedersen talte på Fiskeri- og Havbruknæringens Landsmøte i fjor karakteriserte ho omfanget av rømming frå oppdrettsanlegga som totalt uakseptable. Eitt år etter er rømmingane meir omfattande enn nokon gong, og Pedersen trugar oppdrettarane med nye tiltak.
Bjelland, Håvard