EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Også gårsdagen gjekk med til å høyre den nepalske påtalemaktas hovudvitne i saka mot misjonæren Trond Berg frå Bergen.— Han er no ferdig med si forklaring. Fredag er det tre vitne frå forsvaret som skal vitne, seier Bergs advokat, Sudheer Shresta.

Freista med reise Ifølgje pressetalsmann Karsten Klepsvik i Utanriksdepartementet heldt vitnet, Lokendra Kumar Jha, fast ved at Berg og ein mellommann skal ha lokka med 40.000 rupi, ca. 5000 norske kroner, dersom vitnet ville bli kristen.Ifølgje tiltalen, som Bergens Tidende har ei uoffisiell engelsk omsetjing av, skal Lokendra Kumar Jha ha vorte tilbydd ytterlegare 5000 kroner i månaden dersom han ville bli misjonær. Han skal også ha vorte freista med ei reise til utlandet. Ifølgje Bergs advokat er dei neste tre vitna kalla inn av forsvararane til Bergs fire medtiltalte. Sjølv stiller han ikkje med noko vitne. - Berg var ny her, og kjende ikkje så mange, seier advokat Shresta. Ifølgje Shresta har fleire av dei innkalla vitna ikkje møtt. - Etter at dei tre forsvarar-vitna har forklart seg, vil retten vurdere om dei veit nok til å avseie ein dom, eller om det må kallast inn fleire vitne, seier Katmandu-advokaten, som håpar dette kan bli klart om nokre få veker.

Er ikkje til stades Trond Berg tilhøyrer Levende Ord på Bønes, og sit tiltala for ulovleg misjon i hinduistiske Nepal. Han risikerer tre års fengsel dersom han blir funnen skuldig.Berg er sjølv ikkje til stades i rettssalen, etter råd frå advokaten, men sit fengsla i Katmandu. Heller ingen andre nordmenn følgjer rettssaka. Berg sjølv nektar for skuldingane om ulovleg misjonering.