Det er på det reine at det har vore fleire møte om handtering av Krekar-saka der leiande embetsmenn og politiske leiarar frå dei to departementa, har innkalla representantar for politi og påtalemakt.

12. september 2002, same dag som han kom med fly til Amsterdam frå Teheran, fekk mulla Krekar førehandsvarsel om at han ville bli utvist frå Noreg.

Varselet vart overlevert til Krekar personleg av ein representant for den norske ambassaden i Amsterdam.

På føremiddagen den 12. september var det avvikla eit hastig innkalla krisemøte i Utanriksdepartementet. Spørsmålet på møtet var etter det Bergens Tidende får opplyst: Kva gjer vi med Krekar når han kjem til Gardermoen?

Det var eit sterkt ynskje om å pågripe Krekar for å framstille han for varetektsfengsling. Men det hadde førstestatsadvokat Lasse Qvigstad ved Oslo statsadvokatembeter sagt bestemt nei til, med det grunnlaget som låg føre.

Møtet i UD var innkalla av utanriksråd Bjarne Lindstrøm. Med på møtet var også statssekretær Jørn Holme frå Justisdepartementet, overvakingssjef Per Sefland, politidirektør Ingelin Killengreen, og visepolitimeister i Oslo, Roger Andresen.

Pressetalsmann Karsten Klepsvik i UD vil ikkje gje nokon opplysningar om møtet. Men han seier kategorisk til BT:

— UD har inga rolle i utvisingssaker.

Kva føremålet med møtet var, vil Klepsvik ikkje seie noko om:

— Vi kommenterer ikkje interne møte, seier han.

Kommunalminister Erna Solberg seier til Bergens Tidende at førehandsvarselet om utvising vart utforma av Utlendingsdirektoratet (UDI) etter instruks frå Kommunaldepartementet.

Ifylgje Solberg var vedtaket om utvisingsvarsel fatta nokre dagar tidlegare. Ho forklarar dette med at medieoppslag om Krekar i dagane før han vart utvist frå Iran, tydde på at han var tilbake i heimlandet og såleis hadde brote føresetnadande for opphaldet sitt og flyktningestatusen i Noreg. Ho viser også til at Overvakingspolitiet midt på 90-talet hadde teke opp spørsmål om opphaldsløyvet hans.

«Jakta på Krekar»

Solberg seier politiet i to dagar freista å finne ein stad å forkynne varselet på, før ein fann at varselet kunne forkynnast då ein vart klar over at Krekar kom til Amsterdam.

Solberg vil ikkje svare på om også departementet hennar var med på krisemøtet i UD på føremiddagen 12. september.

Krekar kom til Schiphol-flyplassen i Amsterdam om morgonen 12. september. Han vart då arrestert etter at den norske ambassaden i Teheran hadde varsla Nederlands ambassade i Teheran om at ein mann som var medlem av terrororganisasjonen Al Qaida og utstyrt med norske reisedokument, ville kome med fly frå Teheran.

Ifylgje opplysningar frå UD, formidla den norske ambassaden i Teheran, berre opplysningar som ein hadde motteke frå Utanriksdepartementet i Iran. UD tek såleis ikkje noko ansvar for å ha gjeve urette opplysningar til Nederland om den påståtte al Qaida-tilknytinga.

Ifylgje UD vart norske styresmakter først kjent med identiteten til mannen, at det var mulla Krekar, då han var undervegs med fly frå Teheran.