Terje Helgheim er ein av mange som har funne ut at ved er ein interessant bransje. Men dei etablerte er redde for at mange useriøse prøver seg på ting dei ikkje har greie på, og skjemmer ut marknaden.

— Eg fekk ideen sist vinter, då det var kraftkrise og skyhøge straumprisar. Så langt har eg seld rundt rekna 10.000 sekker, for det meste på 60 og 50 liter, så denne bransjen har eg tenkt å halda meg i ein del år framover, seier Helgheim til Bergens Tidende.

I alle fall så lenge han får ha lagerhuset sitt i fred ute ved Slaktehustomta i Sandviken.

Lett å lura kundane

— Lageret mitt ligg innanfor den utbyggingsplanen som er vedteken for Slaktehustomta. Men her skjer no ingenting i år, og sikkert ikkje neste år heller.

Det er ingen som veit sikkert kor mange som så å seia har hoppa på konjunkturbylgja for ved. Ein av dei største i bransjen, Steinar Carlson på Nesttun, trur mange kjem til å brenna seg.

— Etterspurnaden har auka enormt, og mange har tenkt at no skal dei verta millionærar på kort tid. Eg trur dei fleste vert vonbrotne, seier Carlson. Men han synest mest synd på kundane, som lett kan verta lurte av useriøse vedhandlarar.

— Skal du ha eit mål ved, er det 40 sekker á 60 liter. Men det er neimen ikkje lett å kontrollera. Kanskje du får levert 40 40-literssekkar eller 50-literssekker i staden, og vert kravt betaling for eit mål. Då har du kanskje betalt 500-600 kroner for mykje.

Veden er turr

— Vi har også høyrt om dei som kjem og tømmer eit lass ved på tunet, og krev betaling, endå du påstår at du har tinga mykje mindre enn haugen som ligg der. Det går som regel på telefon, og så er det påstand mot påstand.

— Kundane kan heller ikkje utan vidare sjekka sjølve om veden dei får er turr nok. Alle seriøse vedhandlarar har fuktmålarar. Nåla skal stikkast midt i vedkubben, og 21 prosent fukt er yttarste grensa for det som kan godtakast, seier Steinar Carlson.

BT sine utsende kunne sjå med med eigne augo at vedlageret til Terje Helgheim var turt nok. Utslaga var oftare på 13 til 15 enn nær 20, så Helgheim har godt brensle.

Alt frå Baltikum

— Plasseringa vår her ved sjøen i Sandviken er ideell. Vi er lette å finna, og så har vi mange kundar i nærområdet, seier Helgheim og peikar over vegen, der trehusa ligg tett i tett. Frå nesten alle skorsteinar steig det opp røyk i den kalde og klåre oktoberlufta.

— Kan du hjelpa dei som etterspør norsk bjørkeved.

— Nei, vi sel berre bjørkeved importert frå Latvia. Veden kjem hit med trailer, men og som båtlaster. Eg ventar ei båtlast til om få dagar.

Helgheim er ikkje den dyraste på vedmarknaden. 60 kroner for 60-literen vert omrekna 2400 kroner for eit mål, som tilsvarer eit vedla på 2 x 2 x 0,6 meter = 2,4 kubikkmeter.

Steinar Carlsson tek 2800 for eit mål, fritt tilkjørt, og han presiserer at prisen er uendra sidan 2001.

Vedhandlar Dagfinn Natland i Tørvikbygd i Kvam kommune har eige firma i Estland, og sparar difor eit mellomledd i omsetninga. Han sel berre importert ved, endå distriktet gror over av bjørkeskog. Men norsk arbeidslønser kan ikkje konkurrera.

— Eg tek 2250 for målet, seier Natland, som har fast inntekt frå Nordsjøen.

— Men eg merkar at det finst mange useriøse vedhandlarar, og svært mykje vert omsett svart.

Norsk både dyr og billeg

Dei som på død og liv må ha norsk bjørk, kan ringja eit telefonnummer i Modalen kommune. Annonsen i BT lover fjellbjørk som har vakse seint og difor har høgre brennverdi enn bjørk som har vakse fort opp i låglandet.

Prisen er 90 kroner for 60 literssekken, noko som tilsvarer 3600 kroner for målet. Men då vert veden frakta heim til kjøparen. Hentar du veden, betalar du 65 kroner for sekken.

— Det kan godt henda at den bjørka er ekstra god, men ho forsvarar ikkje ein så høg pris. Då er det billegare å setja på straumen, seier bonde Olav Tverberg i Indre Haugsdal i Masfjorden.

Tverberg har i sommar og haust seld 40 mål bjørkeved frå eigen skog, som han har hogga og kappa sjølv. Prisen er under det halve av veden frå Modalen.

— Eg tek 1500 kroner målet for veden, men då må folk henta han sjølv. Her har vore folk både frå Fedje, frå Os og frå Bergen, men no er lageret tomt.

— Kunne du seld mykje meir?

— Eg kunne seld det mangedoble, men det er grenser for kva eg vinn på. Til vinteren får eg sjå å starta tidlegare i skogen, slik at eg kan ha meir på lageret til neste år.

DET GÅR UNNA: Det er kaldt i Bergen, og mobilen til brukt- og vedhandlar Terje Helgheim ringer i eitt. Vedarbeidar Odd Espen Andersen lesser opp med trucken.<br/>Foto: TOR HØVIK