Jensen seier at det «ikkje har vore særleg hyggeleg» å vere i fokus for pengebruken i stortingsgruppa. Ho hevdar søkelyset har vore ugrunna og kjem av at nokon vil «ta» partiet.

Partiet har på den eine sida sagt at dei ikkje har noko å løyne og har ynskt skattekontrollørane velkomne. På den andre sida har partiet engasjert advokatar for å klarlegge kva likningskontoret har krav på å få innsyn i.

— Mykje strengare

Partiformannen likte dårleg å snakke om dette i går. Då hadde ho meir på hjartet om det som i mange år har vore eit favorittemne for partiet:

— Vi vil ha ein mykje strengare innvandrings-, asyl-, og framandpolitikk, kunngjorde partiformannen i går då ho oppsummerte stortingssesjonen.

Ho la til at integreringsminister Bjarne Håkon Hanssen har gått høgt på banen med utsegner om strengare krav til innvandrarane, men at han er blitt «teken ned» av venstresida i dei tre regjeringspartia.

Frp fremjar krav om sterk innsnevring i retten til såkalla familiegjenforeining som inneber at familiar får flytte etter den som først har fått opphald.

«Provet»

Jensen slo i bordet med tal som viser at ikkje-vestlege innvandrarar mottek over 50 prosent av all sosialhjelp som blir utbetalt i Oslo. Ifølgje Jensen går mestedelen av desse pengane til innvandrarar som kom til landet før 1995.

— Dei som har vore her lenge, må ha svære beløp i sosialhjelp. Dette viser at norsk integreringspolitikk har spela totalt fallitt, fastslo Jensen. Ho hevda at utdanning, språk og samfunnsforståing er dei faktorane som sviktar mest og som er forklaring på kvifor det går så gale.

Samstundes tek Jensen sterkt til orde for at dagens fire opposisjonsparti, Frp, Høgre, KrF og Venstre, må finne saman i regjeringssamarbeid i 2009.

Eit mål er å få samarbeid med Høgre og KrF i fleire kommunestyre etter kommunevalet i 2007.

«Våte draumar»

Hittil har dei andre partia i mange kommunar, ifølgje Jensen, «rotta seg saman» for å hindre at Frp får posisjonar partiet burde ha krav på.

— Men eg har ingen «våte draumar» om kor mange ordførarar vi bør få neste år, forsikra ho i går.

Ho er ikkje viss på at Frp sine harde utspel i innvandringspolitikken verkar til å betre utsiktene til eit slikt samarbeid. Men ho viser til at det skjedde ei tilstramming i innvandringspolitikken etter Frp sitt hjarte under Bondevik II-regjeringa, med Høgre-leiar Erna Solberg som ansvarleg statsråd.

— Med den nye regjeringa, går det den galne vegen, ifølgje Jensen.

Både - og

Jensen ramsar nå opp ei lang liste med anklagepunkt mot Stoltenberg-regjeringa. Alt regjeringa gjer, er negativt, ifølgje Jensen.

Jensen skuldar regjeringa for å vere handlingslamma og å ha «brukt mestedelen av tida på intern krangling - ikkje å innfri valløfta». Samstundes seier Jensen at det er gledeleg at regjeringa ikkje har gjort meir for det inneber at skadeverknadene ikkje er så merkbare, på kort sikt. Men ho seier ho er redd langtidsverkanadene.

Frp derimot «har vore veldig aktive og fremja mange dokument 8-forslag i Stortinget». Rett nok har alle framlegga blitt nedstemt, men det kjem ifølgje Jensen av at regjeringspartia er utan vilje til samarbeid.