Eit nett av bussruter gjennom fylket skal enda opp i ein sju kilometer lang tunnel sør for Flåm stasjon på Fretheim.

Tunnelløysinga skånar Flåmsdalen for naturinngrep. Bussane køyrer inn gjennom tunnelen til ein hall som får namnet Nedre Myrdal stasjon. Herifrå skal sogningar og fjordingar ta heis til Øvre Myrdal stasjon, om lag 400 meter rett opp.

Øvre Myrdal stasjon skal ligga rett attmed noverande jernbanestasjon på Myrdal, som skal bestå, mellom anna for å tena Flåmsbana. Her oppe, 867 meter over havet, blir det såleis to stasjonar ved sida av kvarandre.

Flåmsbana skal bestå som turistbane i det nye konseptet. Der er også opna for vidareføring til Finse, via den opphavlege Bergensbane-traseen over Taugevann, som ligg 1301 meter over havet. Denne har lege unytta sidan vel over ti mil lange Finsetunnelen vart opna.