Kommunaldepartementet meiner derimot det er heilt uaktuelt å gjere noko med skattesystemet, slik professor Jan Fridthjof Bernt tek til orde for.

— Det er i praksis fritt skatteøre. Men det kommunane gjer, er å utnytte det maksimalt. Dersom kommunane får høve til å bestemme kommuneskatten, vil det eine og åleine bli eit argument for å auke skattenivået, seier statssekretær Frank Jenssen.

— Men kan ikkje innbyggjarane få avgjere det sjølv, det er trass alt kommuneval kvart fjerde år?

— Det er også val til Stortinget kvart fjerde år, og så langt har det ikkje vore aktuelt å gje kommunane ein friare stilling.

Jenssen meiner konsekvensen av ei friare stilling til kommunane vil bli større skattetrykk, og at nødvendige omstillingar i kommunesektoren vil stoppe.

— Men dersom husstandane i Gaular startar kronerulling, er ikkje det i praksis ein ekstraskatt?

— Nei, ikkje så lenge det er frivillig. Då er det ei gåve. Og dersom innbyggjarane vil gje kommunen ei gåve, er det ikkje noko i vegen for det, seier Jenssen.