— Vi har eit klårt landsmøtevedtak på at KrF ønskjer ein versjon av Grunnlova, som ikkje gjev rom for mistolkingar. Difor vil me røyste mot alle dei tre forslaga til endra språk som ligg føre, saman med Høgre og Venstre.

— Men Venstre stiller representantane sine fritt, slik at dei som vil ha nynorsk kan røyste for den. Kva gjer KrF?

— Vårt program er så tydeleg på dette feltet, at det ikkje vert aktuelt for oss, seier Hareide.

Ulikt syn

Partileiaren frå Hordaland legg ikkje skjul på at det har vore ulike syn i KrF på nynorsk grunnlov, men at landsmøtevedtaket ligg fast for kva dei skal meine.

— Korleis blir det å kome heim til Bømlo og seie at du røysta mot nynorsk i Stortinget?'

— Det er sjeldan det er store grunnlovsdiskusjonar på Bømlo. Men eg kan sjå veljarane våre i augo, fordi vi gjer som vi har lova i programmet vi gjekk til val på.

— Men, legg han til:

— Vi er opne for at justeringar og nye paragrafar i Grunnlova kan skrivast på eit meir moderne språk, sjølvsagt også på nynorsk i framtida. Men KrF vil ikkje ha ei ny språkdrakt nå, korkje på bokmål eller på nynorsk, understrekar Hareide.