TERJE ULVEDAL

Årdal kommune får prisen for arbeidet som er gjort i sentrum på Årdalstangen. Bymiljøprisen, som skal stimulere til meir berekraftig by— og tettstadutvikling blir i år delt ut for tredje gong.

Det er første gongen ein kommune på Vestlandet får utmerkinga. I særleg grad har det blitt trekt fram korleis miljøet er sikra, og samarbeidet mellom kommunen, frivillige organisasjonar, handelsstand og næringsliv for å utvikle tettstaden. I samband med prisutdelinga blir det også offisiell opning av Tangen skule- og fritidspark.