Striden er eigentleg ein maktkamp mellom regjering og storting: om regjeringa kan halde disposisjonar og vurderingane bak, løynt for Stortinget.

— Difor handlar dette om det parlamentariske systemet, seier komiteleiaren, Ågot Valle frå SV (Hordaland) til Bergens Tidende. Ho gjer riksrevisor og tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Bjarne Mørk Eidem sine ord til sine: «Parlamentarismen må vinnast på nytt og på nytt - kvar dag».

- Uverdig av Stortinget

Frp-leiar Carl I. Hagen gjekk i Stortinget før helga til frontalåtak på Høgre, Kristeleg Folkeparti og Ap. Han meiner dei har skapt uvisse om Riksrevisjonen sin rett til innsyn.

Han hevda at det er uverdig av Stortinget å forkludre prinsippet om at Riksrevisjonen som Stortinget sitt kontrollorgan, sjølv må avgjere kva dei treng og vil kreve innsyn i.

Og Hagen fann det tragisk at stortingsfleirtalet i praksis nå innsnevrar innsynsretten samstundes som Noreg reiser rundt i verda for å lære opp og fortel korleis riksrevisjonen i andre bør byggast opp.

Ein Høgre-representant meinte at Hagen kokte suppe på ein spiker og dreiv demagogi.

Vil opne regjeringsnotat

Både Hagen og komiteleiaren, Ågot Valle, seier til Bergens Tidende at det må vere eit heilt grunnleggande prinsipp at Riksrevisjonen sjølv avgjer kva dokument dei treng og vil ha innsyn i for å utføre kontrolloppgåvene sine.

Det inneber at dei er opne for også å gje Riksrevisjonen innsyn i regjeringsnotat - om Riksrevisjonen ser behov for det. Dei er i dag eksplisitt unnteke frå innsyn for Riksrevisjonen.

— Vi er nesten fundamentalistar på at Riksrevisjonen skal ha tilgang til det dei ynskjer, seier Valle.

Bakgrunnen for debatten nå er denne:

Sylvia Brustad

I fjor haust slo Riksrevisjonen alarm overfor Stortinget etter at tidlegare kommunalminister Sylvia Brustad hadde nekta Riksrevisjonen innsyn i eit dokument.

Riksrevisjonen slo fast at det blir uråd å utføre ein forsvarleg kontroll dersom det skal vere opp til den som skal kontrollerast å avgjere kva kontrolløren skal få innsyn i.

Naudskrik

Rapporteringa av Brustad-saka var eit naudskrik frå Riksrevisjonen overfor Stortinget. Men i staden for å støtte opp om Riksrevisjonen og slå fast det prinsippet Riksrevisjonen ynskjer, ville stortingsfleirtalet ikkje stille seg bak.

Berre SV og Frp var nå viljug til dette.

Det interessante her, er at Ap er meir kritisk til det Ap-statsråden Sylvia Brustad gjorde, enn det dei nye regjeringspartia H og Krf er.

Hagen seier han er sjokkert over at H og KrF har medverka til å skape ein uklar situasjon om noko som var klart inntil i går. Men «primær-skurken» er Jens Stoltenberg, som i ei høyringsfråsegn frå regjeringa, gjekk inn for å stramme inn på innsynsretten.

Hagen seier, til samanlikning, at det ville skapt ramaskrik og mykje bråk om ei stor bedrift hadde nekta revisor innsyn i eit dokument han hadde kravd innsyn i.