Slett ikkje verst midt i den globale klimaoppvarminga. Bøyabreen er attpåtil ein av dei lågastliggjande på Vestlandet. Brevatnet ligg 150 meter over havet, nær inntil Rv. 5 som her smett inn i Fjærlandstunnelen.

Fagansvarleg ved Bremuseet, Trygve Snøtun, viser og til Supphellebreen, nedre del, som ligg endå lågare, berre 60 meter over havet inne i Supphelledalen. Supphellebreen har strekt seg ni meter framover i år.

— Dei nedre delane av Bøyabreen og Supphellebreen er nok no i grenseland for kva vi kan kalla bre, medgjev Trygve Snøtun.

— Men om to-tre år frå no kan vi kanskje sjå litt skikkeleg vekst att dersom vinternedbøren held seg slik det har vore i det siste.

Positiv massebalanse

For breforskarar, brevandrarar og turistar er det von i nedbørsmålingane frå dei par siste vintrane. På målestasjonen i Fjærland hadde november, januar og februar nedbør meir enn 50 prosent over normalen. Med ein sommartemperatur i Fjærland nokså likt med normalen, vart resultatet oppe på Jostedalsbreen ein positiv massebalanse , som betyr at det la seg meir vinternedbør på breen enn det sommarsola greidde å smelta vekk.

  • Dette fører til større last og auka tyngd på breen. Isen vert pressa nedover. Dersom denne utviklinga held seg over nokre år, vil det skubba bretungene framover att, forklarar breforskar Atle Nesje ved Bjerknes senter for klimaforsking.

Briksdalsbreen fram at?

Bøyabreen og Supphellebreen er ikkje lenger i direkte kontakt med hovudbreen. Dei vert forsynte ovanfrå når hovudbreen kalvar og sender isblokker i ras nedover.

Dette kan forklara at nedre del av Bøyabreen og Supphellebreen har vakse i år. For samstundes har den meir vidgjetne Briksdalsbreen drege tunga si 12 meter attende.

— Briksdalsbreen har trekt seg heile 464 meter attende sidan han dekka heile Briksdalsvatnet i 1996/97. Men i år har han gått mindre attende enn før. Står vi nede ved vatnet, ser vi at ein god del is er på veg ned litt høgare oppe i brefallet. Dette vil truleg nå fronten til våren eller sommaren. Derfor er det håp om at brefronten kan stabilisera seg eller gå litt fram att, seier Atle Nesje.

Legg på seg

Ein annan målestasjon nær inntil Jostedalsbreen ligg i Stryn, på eit punkt ca. 200 meter over havet. Også der var vinternedbøren langt over normalen, frå 50 til 90 prosent, i november, januar og februar. Sommartemperaturane i år på dette punktet låg litt over normalen for juli, august og september.

Samanlagt ser det då ut til at Jostedalsbreen legg på seg, og at den auka tyngda litt etter litt vil pressa bretungene nedover og framover att.

  • Men vi ser ikkje dette frå eitt år til eit anna. Dette vil ta tid, og vi veit sjølvsagt ikkje korleis høvet mellom vinternedbør og sommartemperatur vil utvikla seg. Men dei par siste vintrane har vi sett ein auke i nedbørsmengdene, nett slik klimamodellane viser, seier Atle Nesje.

Nesten heilt borte

Alt i alt er det høgst uviss framtid for breane på Vestlandet, sjølv om dei har større sjanse til å greia seg enn breane andre stader i verda. På den eine sida lovar klimaprognosane meir nedbør om vinteren. Sjølv med stigande gjennomsnittstemperaturar, betyr det snø i høgder frå 1200 til 1800 meter på dei store vestlandsbreane.

Uvissa oppi dette er utviklinga av sommartemperaturane. For 3-4 år sidan viste breforskar Atle Nesje fram klimamodellar der berre to prosent av dei norske breane var att mot slutten av dette hundreåret.

SNART BORTE? Bøyabreen i Fjærland var tidlegare ein samanhengande bre som strekte seg heilt ned i og langt ut i Brevatnet. Restane av breen nede ved vatnet står mot klimaoppvarminga så godt dei kan, og har vakse 32 meter framover i år. Dette framgår ikkje tydeleg av biletet, men frå vasskanten og inn til isen er avstanden ca. 200 meter. Biletet er tatt midt i oktober 2008. Det vesle biletet er tatt i juli 2008, før sommarsmeltinga var komen skikkeleg i gang.