VIDAR YSTAD

Først ute var ein av dei mest profilerte kvinnelege Ap-representantane, Marit Nybakk, under den munnlege spørjetimen på Stortinget tysdag. Ho fekk fylgje av SV-leiar Kristin Halvorsen og parlamentarisk nestleiar i SV, Karin Andersen.

Slapp unna

Opposisjonen gjennomførde eit stormlaup mot Høybråten som på si side tok avstand frå forsøka på å klistre han og KrF til Bush. Han bad opposisjonen halde seg til Noreg og norske forhold, utan at det gjorde synleg inntrykk på opposisjonen.

Derimot var det fleire observatørar som var noko undrande til at opposisjonen satsa så mykje på å «ta» Høybråten for ei sak han neppe kunne haldast ansvarleg for: kristenfundamentalistane sin frammarsj i USA.

Køyret mot Høybråten resulterte i at kultur— og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland som også møtte i spørjetimen, slapp unna eitkvart spørsmål.

Det var Ap-leiar og tidlegare statsminister Jens Stoltenberg som hadde oppdaga at Høybråten har varsla at KrF vil «trappe opp verdidebatten». Dette vart startskotet for køyret mot Høybråten.

- Gufs frå fortida

Nybakk skulda Høybråten for å lene seg mot «dei meste reaksjonære kreftene i USA» som hadde sterk framgang under presidentvalet. Ho oppfatta at Høybråten ønskjer å avskaffe retten til sjølvbestemt abort og karakteriserte det som «gufs frå fortida».

Høybråten fekk også spørsmål om han støttar Bush sitt program for å nekte kvinner prevensjon og abort.

Det gjorde han ikkje. Han slo også fast at KrF ikkje kan støtte ei restriktiv haldning til prevensjon. Han grunngav det med at ein innser at bruk av kondom er eit av dei aller viktigaste strategiske tiltaka for å nedkjempe aidsepidemien. Den er i ferd med å ta kvelartak på eit heilt kontinent, Afrika, slo Høybråten fast.

Høybråten fekk også hardkøyr for Regjeringa sitt avtalebrot når det gjeld tiltak for redusert sjukefråvere. Han måtte også tole kritikk for manglande oppfølging av avtalar om eit inkluderande arbeidsliv.

Her var også dei tidlegare regjeringskollegaene hans, Magnhild Meltveit Kleppa og Odd Roger Enoksen, begge Sp, blant kritikarane.