Enoksen nekta å seie seg lei for å ha feilinformert Stortinget om Konkurransetilsynet si rolle i StatoilHydro-saka. Eit framlegg som uttalar at Enoksen har opptredd «sterkt kritikkverdig» vart forkasta mot opposisjonens røyster.

Kanonar mot Enoksen

Men Enoksen måtte vedgå at han ikkje hadde svart på det Stortinget hadde spurd om. Han sa at han burde han handtert og svart på ein annan måte enn han gjorde. Og han stadfesta opplysningane som BT tidlegare har presentert om at Fornyings— og administrasjonsdepartementet hadde laga utkast til svar som så vart omarbeidd i Olje- og energidepartementet før svaret gjekk til Stortinget.

Opposisjonen køyrde fram kanonane: Siv Jensen (Frp), Per Kristian Foss (H) og Lars Sponheim (V). Jensen fekk ordet to gongar for å avkreve svar på om Enoksen seier seg lei for eller ikkje seier seg lei for å ha feilinformert Stortinget.

Svare på dette spørsmålet ville Enoksen ikkje. Han insisterte på at han ikkje har feilinformert Stortinget.

«Med overlegg»

Sponheim konfronterte Enoksen med utsegnene han kom med i spørjetimen i førre veke då han framstilte det som ein «beklageleg glipp» at han ikkje hadde informert Stortinget om at Konkurransetilsynet hadde uttale seg i fusjonssaka.

Sponheim påpeika at med det som nå har kome fram, var det ingen glipp. Det skjedde «med overlegg» i Olje- og energidepartementet.

Opposisjonen var rasande etter runden med Enoksen. Og representantar for regjeringspartia krympa seg over det som hadde passert.

Mistillitsframlegg

— Hadde vi hatt ei mindretalsregjering i dag, ville han ha blitt møtte med eit mistillitsframlegg her inne, seier Venstre-leiar Lars Sponheim.

— Det er oppsiktsvekkjande at statsråden ikkje er i nærleiken å kome med noko i nærleiken av ei orsaking overfor Stortinget. Han er særdeles svekka som statsråd. Han unnlet å svare på det han vart spurd om ved å svare på noko anna. Det er arrogant og uakseptabelt. Det verkar til å undergrave det parlamentariske systemet, seier Frp-leiar Siv Jensen.

— Det er ingen tvil om at Stortinget er blitt feilinformert når han ikkje svarar på det han blir spurd om med i staden svarar på noko anna. Å ikkje svare på det han blir spurd om er uansett like ille som å feilinformere, seier Per Kristian Foss som er nestleiar i Høgre.

— Slik kan berre ei arrogant fleirtalsregjering som ikkje har respekt for Stortinget opptre, legg Foss til.

Historisk

Stortinget godkjende elles samrøystes fusjonen mellom Statoil og petroleumsdelen av Hydro.

I debatten påpeika SV sin talsperson, Heidi Sørensen, at dette er det breiaste fleirtalet ein har hatt i Stortinget om ei viktig sak i norsk oljehistorie.

Opposisjonen kritiserte likevel Regjeringa for manglande vilje til dialog for å få eit breitt og robust fleirtal for norsk oljepolitikk framover.

Opposisjonspartia fremja ei rekke framlegg for å dempe verknadene av at fusjonen vil føre til svekka konkurranse på norsk sokkel. Ingen av framleggje vart vedtekne.

NEKTA: Statsråd Odd Roger Enoksen nekta å seie seg lei for å ha feilinformert Stortinget. Hadde han sete i ei mindretalsregjering, ville han ha møtt mistillitsframlegg.
Erlend Aas (arkiv)