VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.noOsloPiskeslaga hagla då Stortinget i går behandla SND si långjeving til Balstad/Treholt-selskapet Pandestor. Kari Økland (KrF), Vidar Kleppe (Frp) og Svein Ludvigsen (H) var alle knallharde i kritikken. Kritikk vart også retta direkte mot eks-sjefen i SND, nåverande helseminister, Tore Tønne. Kraftig skjerpa Berre saksordføraren, Laila Kaland (Ap) kom med forsvar av SND.Kritikken i Stortinget mot Statens Nærings— og Distriktsutviklingsfond vart skjerpa mange hakk i forhold til formuleringane i innstillinga frå Kontroll- og konstitusjonskomitien. Også næringsminister Grete Knudsen var klar i kritikken. I Stortinget fekk Knudsen ros for å ha vist handlekraft og for å ha teke kritikken mot SND på alvor.Knudsen seier til Bergens Tidende at det er behov for breiare tilsyn og kontroll med SND. Ho ynskjer at SND skal bli underlagt tilsyn på line med andre kredittinstitusjonar. Ho kan tenkje seg at Kredittilsynet får i oppgåve å føre tilsyn med SND. Næringsdepartementet arbeider nå med denne saka og vil kome tilbake til Stortinget. Ny kritikk frå Knudsen - Det var svikt i rutinar i SND i Pandestor-saka. SND tok for lett på innvendingar som kom mot verdien av garantiar som vart stilt. Og det var klart uheldig at SND ikkje undersøkte eigarforholda i Pandestor før lånet på 2,7 millionar kroner vart utbetalt, sa Knudsen.Statsråd Knudsen har ikkje tidlegare retta kritikk mot SND for manglande undersøking av eigarforholda i Pandestor. Butikk i butikken BT avdekka at tre russarar som arbeidde i det statlege russiske handelsselskapet Agrointorg, åtte 75 prosent av aksjane i Pandestor. Samstundes sto Agrointorg bak garantien for Pandestor sitt lån i SND. Dermed gav russarane garanti til seg sjølv. Då dette vart oppdaga i Russland, fekk dei tre sparken, for å ha dreve "butikk i butikken".