• Taktisk spel for å avskjere forsvararen innsyn.
  • Feilinformasjon overfor retten.
  • Mistenkeleggjering av den sikta.
  • Trugsmål overfor forsvararen.

Dette er verkemiddel Helljesen meiner POT og påtalemakta gjorde bruk av.

I ein samtale med Bergens Tidende utdjupar Helljesen synspunkta sine. Nå har Viksveen klaga til Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet, på den behandlinga han sjølv er blitt utsett for.

«Bestemt seg»

Helljesen har reagert mot det han oppfattar som klare teikn på at POT hadde bestemt seg på førehand, nærmast før etterforskinga starta, for at Viksveen var skuldig i svært alvorleg spionasje.

Dette kom til syne ved at POT overfor forhøyrsretten hevda at Viksveen i perioden 1962 til 9/11 1989 «gjentatte ganger hadde levert Stasioffiserer hemmelige dokumenter, bl.a. Nato-dokumenter gradert «hemmelig» og/eller «top secret»». I alt hevda POT at Viksveen minst hadde overlevert 433 dokument. Overfor retten vart det også hevda at det låg føre dokumentasjon på at Viksveen hadde fått utbetalt pengar.

— Dette vart presentert for dei domstolane som godkjende at det vart gjennomførd ransaking på kontoret og i boligane i Brussel og Stavanger.

Utan dekning

— Etter at saka vart lagt vekk, gav riksadvokaten klart uttrykk for at det ikkje finst prov for at Viksveen har levert hemmelege dokument, at han nokon gong har søkt å skaffe seg hemmelege dokument, eller har hatt «forbrytersk forsett».

— Samstundes er det verd å vise til at politinspektøren som hadde ansvaret for etterforskinga i POT, for det første påsto at Viksveen laug om han sa at han ikkje hadde blitt vist den norske domstolsavgjerda om ransaking då ransakinga vart gjennomførd. For det andre fekk eg fylgjande beskjed då eg ba POT om innsyn: Innsyn var ikkje naudsynt fordi Viksveen visste sjølv kva han hadde gjort. Dersom han ikkje forklarte det til meg, så unnlet han å fortelje sanninga. Dette var haldninga.

Ransakinga

Helljesen er også sterkt kritisk til den måten POT og påtalemakta handterte beslaget og dokumenta i saka.

— Først 88 dagar etter ransakinga vart det klart at POT arbeidde ulovleg med kopiar av beslaget. At dei sat med kopiar av materialet, var ikkje i samsvar med opplysningar dei gav til forhøyrsretten. Då forhøyrsretten vart kjend med dette, forlangte retten kopiane innlevert til retten.

Men dei kritikkverdige forholda stoppar ikkje der, slik Helljesen ser det:

- Vinne tid

— Påtalemakta ved førstestatsadvokat Lasse Qvigstad, hevda i forhøyrsretten at reglane for behandling av beslag i eit redaksjonslokale, ikkje var aktuelle i denne saka. Han hevda at Stavanger Aftenblad og Viksveen sine advokatar ikkje kunne den mest elementære juss, når dei forfekta eit anna syn. Trass i dette vart spørsmålet avgjort i favør av Viksveen i forhøyrsretten, i lagmannsretten og i Høgsterett. Mitt syn er at påtalemakta må ha vore klar over at dette var eit spørsmål dei ville tape, men at dei freista å vinne tid gjennom å prosedere spørsmålet for alle tre rettsinstansar.

Innsynsretten

I lang tid var kopi av avgjerda om ransaking frå Oslo forhøyrsrett - på ½ side, og gjennomlesing, men ikkje kopi, av den tilsvarande avgjerda frå Kristiansand forhøyrsrett - det einaste dokumentinnsynet Helljesen fekk i saka. Først fem månader etter ransakinga, fekk Helljesen som forsvarar, noko meir innsyn i saka.

— Då eg til slutt fekk samtykke i innsyn, vart brått delar av dokumenta som var nytta overfor domstolen, dels unnteke frå innsyn eller sladda. Grunngjevinga som vart nytta, var at dette skjedde av omsyn til «samarbeidande tenester».

— Lenge freista både POT og Oslo forhøyrsrett å unngå innsynsretten eg som forsvarar skulle ha, ved å hevde at innsynsretten berre galdt dokument som fysisk var til stades i retten. Det vart hevda at dokument som låg innelåst i eit skap på kontoret til dommaren, ikkje var omfatta av innsynsretten.

«Uhaldbart»

— Dette var sjølvsagt heilt uhaldbart for meg som forsvarar, både juridisk og faktisk, for å kunne utføre forsvararoppgåvene mine. Eg måtte «truge» meg til innsyn ved å påkjære den uhaldbare haldninga frå Oslo forhøyrsrett si side. Først då forsto retten alvoret og gav til kjenne at eg nå hadde innsynsrett. Men det skulle berre omfatte dei dokumenta som låg føre då siktinga var utforma og ikkje dokument som seinare var innhenta gjennom avhøyr i Tyskland.

Seinare vart det ein veritabel strid om avhøyr av Viksveen og kva opplysningar Viksveen og forsvararen skulle få tilgang til, før avhøyr.

- Skifta standpunkt

— Her skifta POT standpunkt for å unngå å gje innsyn. Eg fekk beskjed om at anten godtok eg deira opplegg, eller så ville dei trekke kravet om rettslege avhøyr slik at eg ikkje ville få rett til innsyn uansett. Samstundes ville dei gje pressa beskjed om at Viksveen hadde fått tilbod om fullt innsyn men at han likevel nekta å la seg avhøyre. Eg fekk 30 minuttars frist til å svare.

— Eg gjorde det klart at dette var ein umogeleg situasjon. Eg måtte få tid til å drøfte situasjonen med Viksveen. Men det høvet fekk eg aldri, for då fristen gjekk ut, rykka Qvigstad ut og fortalde pressa at POT hadde tilbode Viksveen fullt innsyn men at han likevel nekta å la seg avhøyre. Samstundes gav POT beskjed om at nå hadde ikkje forsvararen krav på meir innsyn avdi det ikkje skulle haldast fleire rettsmøte.

Tautrekking

Helljesen sitt mottrekk vart at Viksveen framsette krav om rettsleg avhøyr av seg sjølv.

— POT svarte med å motarbeide dette kravet så godt dei kunne. Fleire månadar seinare framsette POT nytt krav om rettsleg avhøyr av Viksveen. Føremålet var tydleg nok at dei ville ha full styring med når og korleis avhøyret skulle gjennomførast og for å styre informasjonen til meg som forsvarar.

- Brot på spelereglar

Helljesen meiner POT gjennomgåande opptrådte i strid med grunnleggande spelereglar og at ein del av siktemålet var å belaste Viksveen i opinionen.

— Fleire gongar opplevde eg at når eg freista å ta til motmæle for å balansere inntrykket ved å gje faktiske opplysningar, vart eg truga med at eg kunne bli fråteke tryggingsklareringa eller forsvararoppdraget.

— Slik var det og i samband med avhøyra i Tyskland i januar i år. Overfor meg vart det innskjerpa at eg hadde teieplikt om kva som kom fram i retten. Men statsadvokaten hadde tydelegvis inga slik teieplikt. Han kunne fortelje om utvalde delar av avhøyra, som skulle stille Viksveen i eit dårleg lys.

Krev nyordning

— Dei røynslene eg sit att med gjennom Viksveen-saka, gjer at eg utan vidare vil erklære meg samd med nå avlidne advokatkollega Ole Jakob Bae. Som medlem av det offentlege utvalet som vurderte organiseringa av POT gjekk han sterkt inn for at etterforsking av «spionasjesaker» bør overlatast til det vanlege politiet. Dette prinsippet vart også støtta av tidlegera riksadvokat Georg Fredrik Rieber-Mohn etter at han hadde gått igjennom Berge Furre-saka. Det vanlege politiet er langt betre skodd og meir fortrulege med grunnleggande rettar som ein sikta har.