Dei fleste talarane kom med harde utfall mot Helse Fonna, direktør Johannes Kolnes, informasjonsrådgjevar Asbjørn Ellingsen og Haugesund. Hovudårsaka er direktøren sitt framlegg om å redusera fødeavdelinga på Stord til fødestove.

Lokalpolitikar Tor Gunnar Bjelland (Frp) bad Helse Fonna om å kasta di-rektøren, og lova å halda leiaren i Stor-tingets sosialkomité, John Alvheim (Frp) løpande orientert om utviklinga ved Stord sjukehus.

Landsbylege Gunhild Sundal tilbaud Kolnes og Ellingsen kurs i bedriftsintern attføring. Olav Vaagen Matre frå verk-stadklubben ved Aker Stord oppmoda folk til boikott av butikkar og Hauge-sunds Avis.

Aker Kværners fellestillitsvalde Atle Tranøy sa at kampen for lokalsjukehuset er det sterkaste folkelege engasjementet han har sett på lenge. Han sa i sin appell at denne kampen skal vinnast.

SJUKEHUSKAMP: Aker Kværners fellestillitsvalde Atle Tranøy med sterk appell framfor halvtanna tusen menneske på folkemøtet for Stord sjukehus på Leirvik fredag.<p/> FOTO: OVE A OLDERKJÆR