Bjune sit i Bergens Tidende sitt klimapanel, og skriv i dagens avis ein kronikk om den framtidige skogutviklinga på høgfjellet.

Les kronikken her .

– Eg vil ikkje laga noko skrekkscenario, men synest det er viktig at folk er klar over kva som skjer og kvifor, seier Bjune.

Færre beitedyr

Ho er forskar ved Bjerknessenteret og har fortidsklima og vegetasjonshistorie som spesialfelt.

– Når temperaturen stig, blir vekstvilkåra betre for mange tretypar. Men bildet er ikkje eintydig. Dei tresortane som er avhengige av kalde vintrar, vil få det verre, seier forskaren.

Bjune er opptatt av at det ikkje er noko krise at det blir meir skog.

– Om ein synest det er bra eller dårleg at skogen spreier seg, kjem an på kva landskap ein liker best – skog eller ope landskap, seier Bjune.

Ho seier vidare at skogspreiinga ikkje berre kjem av klimaendringar.

– At det er færre beitedyr enn tidlegare, har mykje å seia. Skogen vil klatra opp i fjellet også uavhengig av klimaendringar, seier ho.

Det speler derfor liten rolle om den eventuelle jernbanetraseen går i tunnel eller i ope landskap. Dei reisande vil sjå lite uansett, ifølgje Bjune.

Store lokale skilnader

Klimaforskaren understrekar at det vil vera store lokale skilnader. Enkelte stader vil det om femti eller hundre år mest sannsynleg veksa tre opp mot hundre meter over dagens tregrense. Men på stader med mykje beitedyr, vil det ikkje bli store endringar, ifølgje forskaren.

Bjune sit i Bergens Tidende sitt klimapanel og tar imot spørsmål frå lesarane på bt.no.

– Eg synest det er moro å vera med, men vil gjerne ha fleire spørsmål som går direkte på mitt spesialfelt. Forhåpentlegvis kan kronikken min bidra til dette, seier ho.

Still spørsmål til Anne Bjune her .