Dei sju Hardangerkommunane vedtok dette i går på eit møte i Hardangerrådet. Møtet fann stad i Kinsarvik. Dei sju kommuna-ne er Odda, Ullensvang, Jondal, Eid-fjord, Ulvik, Granvin og Kvam.

— Det er heilt uaktuelt å godta luftline, heiter det i vedtaket.

Hardangerrådet krev kort og godt at høyringsframlegget vert drege attende, og at Statnett legg fram eit nytt med alternativ til luftspenn.

— Hardangerrådet vil peika på at ei sjø-/jordkabel-løysing er einaste akseptable for Hardanger, heiter det ordrett til slutt i vedtaket.