Etter fleire dagars forhandlingar mellom regjeringspartia og Arbeidarpartiet og SV, seier saksordførar Ola T. Lånke (Kr.F.) til Bergens Tidende at han ikkje kan utelukke at det blir brot.

I går sa ein av dei andre forhandlarane at dersom saka skulle avgjerast i løpet av dagen i går, ville det bli brot.

«Ideologisk grunnfjell»

Det er også noko ulikt syn på det politiske innhaldet internt i fleire av partia. Ikkje alle representantar er like opptekne av desse spørsmåla. Somme meiner det viktigaste er å få til ei utflytting.

Forhandlarane frå Ap og SV støyter nå mot det «ideologiske grunnfjellet» i statsråd Victor D. Norman sitt opplegg for nyorganisering av tilsyna. Han vil som kjent frikople tilsyna heilt frå å kunne bli politisk instruert, og berre ha «faglege» klagenemnder som skal kunne overprøve avgjerder frå tilsyna.

Dette er langt frå tilstrekkeleg for Ap og SV. Dei står hardt på at tilsyna skal kunne nyttast for å utøve politikken. Det betyr at tilsyna må kunne instruerast, etter nærare fastlagde prosedyrar. Dei vil ha så klare formuleringar at Norman og andre ikkje skal få høve til å fortolke seg vekk frå formuleringane.

«Gjerde inn» Norman

Det er her problema nå ligg. Problema i forhandlingane er blitt større, til djupare ned i politikken ein kjem, etter det Bergens Tidende forstår.

Ap og SV vil «gjerde inn» Norman. Å akseptere det, er prisen Norman og regjeringa må betale for å få til ein avtale. Utan ein slik avtale, blir det inga utflytting.

Bergens Tidende er kjent med at Ap-leiar Jens Stoltenberg har reagert negativt etter at ein av partiet sine representantar i stortingskomiteen, i eit avisintervju uttala, at alt nå var duka for utflytting.

Bergens Tidende kjenner til at også SV har reagert mot utsegnene. Det var det same som å spele frå seg kort i forhandlingane.

Meir kostbart

Regjeringspartia har måtta gje mykje i forhandlingane om rettar for dei tilsette som blir omfatta av ei utflytting. Mellom anna har ein måtta akseptere at den såkalla «tiltakspakka» eller «gulrota» som Norman har presentert for dei tilsette, må haldast utanom budsjettet for tilsyna.

Mange har hittil oversett at «tiltakspakka» berre var døme på verkemiddel som tilsyna kunne ta i bruk for dei tilsette, om ein hadde budsjettmessig dekning for det.

Ap og SV har framheva sterkt at eit slikt opplegg, dersom det skulle ha nokon realitet, ville gå sterkt ut over tilsynsverksemda — og såleis svekke tilsyna i lang tid.

Dette inneber at kostnadane ved utflytting vil bli atskillig større enn dei lauselege overslaga på drygt 500.000 kroner pr. arbeidsplass som Norman hittil har operert med.

Det er kjent at Finansdepartementet har vore sterkt kritisk til Norman sine forsøksvise reknestykke.

Halvt i spøk blir det nå sagt at Finansdepartementet har kravd at kostnadar ut over det Norman har presentert, må dekkast over statsråd Norman sitt eige budsjett.