Dei tillitsvalde i Statskonsult opnar nå for å gå til rettssak mot staten dersom dei tilsette i Statskonsult risikerer å bli kasta ut i arbeidsløyse.

Dei tillitsvalde arbeidde i går med å kople inn sine respektive hovudsamanslutningar, LO, Akademikerne og YS, for å få hjelp til å verje medlemene sine interesser.

Norman i fokus

Omdanning av direktoratet Statskonsult til aksjeselskap, er ei av dei store sakene for statsråd Victor D. Norman. Framlegget hadde ein trong fødsel, og Norman fekk saka i retur frå regjeringa i mars. Etter nye rundar, fekk han regjeringa med seg, men først etter sterk kritikk frå Justisdepartementet.

Det vidare siktemålet er å kutte bemanninga i Statskonsult frå 140 til om lag 80 stillingar. Regjeringa har argumentert med at dette skal «effektivisere» Statskonsult og at Statskonsult skal kunne selje tenestene sine også til kommunar og fylkeskommunar. Det er det få som trur noko på. Kommunenes Sentralforbund avviste ideen som heilt urealistisk tidlegare i år.

Ap kravde i budsjettframlegget at regjeringa skulle trekkje framlegget. Ifølgje sentrale kjelder i Ap, sa regjeringsforhandlarane nei, av omsyn til at statsråd Norman hadde måtta ta mange nok nederlag: trekkje framlegget om midlertidige stillingar, trekkje framlegget om endringar i avtalefesta pensjon, kutte i framlegget om endra permitteringsreglar og akseptere fleire tiltaksplassar i arbeidslivet.

Hagen vil leggje ned

Opposisjonen på Stortinget, med unntak av Frp, har vore sterkt kritiske til framlegget om å omdanne Statskonsult. Argumentet har vore at viktig kompetanse for å halde eit kritisk blikk på offentleg sektor, vil gå tapt.

Carl I. Hagen har sagt ja til omdanning til AS med grunngjevinga at det vil resultere i at Statskonsult blir avvikla.

Dei tillitsvalde i Statskonsult ottast at Hagen har rett. Dei meiner det ikkje finst nokon «marknad» for å selje systemkritiske analysar. Det seier Peter Bøgh, som er tillitsvald i NTL i Statskonsult, til Bergens Tidende.

Vurderer rettssak

Peter Bøgh og Ragnhild Castberg Greni, som representerer Akademikerne, opplyser begge til Bergens Tidende at rettssak mot staten kan vere ein aktuell utgang.

Grunnlaget for ei mogeleg rettsleg prøving, vil vere den juridiske vurderinga som professor og spesialist på arbeidsrett, Henning Jakheln, har laga. Han konkluderte med at staten har ansvar som arbeidsgjevar for alle dei tilsette i Statskonsult, uavhengig av om direktoratet blir omdanna til at aksjeselskap.

Han meiner også det taktiske opplegget, som statsråd Norman har laga med først å omdanne direktoratet til aksjeselskap frå årsskiftet, og så redusere bemanninga frå 1. juli for å unngå problem med dei tilsette sine rettar, er «grisete».

— Eg har sett at ein i privat sektor har nytta liknande opplegg tidlegare. Domstolane har ikkje likt slike ordningar, seier Jakheln.