I førre spørjetime var det fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) som måtte svare for hemmeleghaldet i alle regjeringskontora.

To av «verstingane» i ei undersøking som nyleg er publisert, næringsminister Dag Terje Andersen (Ap) og fiskeri— og kystminister Helga Pedersen (Ap), vart også konfrontert med talmaterialet og praksis.

- Manglande vilje

Det viser at i 2006 avslo Næringsdepartementet 31,4 prosent av alle innsynskrav, medan Fiskeri- og kystdepartementet på fjerde plass, avslo 27,1 prosent. I gjennomsnitt vart det nekta innsyn i kvart 5. dokument der det vart bede om innsyn.

Det var Venstre-leiar Lars Sponheim som reiste saka. Han syns det var ille å sjå at hans gamle departement, Næringsdepartementet, kom så dårleg ut.

Det er eit faktum at det skjedde ei dramatisk positiv endring når det gjeld innsyn i dette departementet i Sponheim si tid som statsråd 1997-2000. Sidan har det gått i motsett lei.

Sponheim meiner det er manglande vilje og politiske styringssignal frå statsrådane som gjer at så mange dokument blir unnateke frå innsyn. Byråkratane unntek av di det er «bekvemt».

Feil i Stortinget

Statsråd Røys viste til Soria Moria-erklæringa som sår fast at regjeringa vil arbeide for meir innsyn.

Ho opplyste at departementet hennar vil arrangere ein rundebordskonferanse med presseorganisasjonane i vår om staten sin informasjonspolitikk. Dette skulle vere eit positivt tiltak.

No viser det seg at det ikkje blir nokon slik konferanse i vår. Departementet hennar opplyste for ei veke sidan at det ikkje blir noko slikt arrangement i juni, som planlagd.

Dermed blir det først til hausten.

Venstres Gunnar Kvassheim slo fast at det ikkje er behov for rundebordskonferansar. Derimot trengst det klare beskjedar og styringssignal.

— Utviklinga går i feil retning. Det blir meir hemmeleghald - ikkje mindre. Han ville ha månadsvise statistikkar som viser oversyn over innsynskrav og avslag i kvart departement.

- Lova lite, slit med å innfri

Leiaren i Offentlegutvalet i Norsk Presseforbund, Arne Jensen, seier det slik:

— Regjeringa har lova svært lite i Soria Moria-erklæringa når det gjeld innsyn og ei open line, og dei slit med å oppfylle dette.

Det er to positive unntak frå dette: nyopninga av innsyn i skattelistene og at den elektroniske postjournalen skal bli tilgjengeleg for alle.

— Elles viser all statistikk og praksis at omfanget av hemmeleghald er stort. Ofte blir dokument hemmeleghalde sjølv om ein heilt saknar heimel for det, eller ein kunne praktisere ei meiroffentleg line, utan at det blir gjort. Ingenting tyder på at dagens regjering er gjennomsyra av ein innsynskultur, seier Jensen. Han er assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening.

MÅTTE SVARE: Fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) måtte svare for hemmeleghald i alle regjeringslokala.
Holm, Morten