VIDAR YSTAD

Meiningsmålingane er sørgjeleg lesnad for regjeringspartia og har vore det lenge. Bondevik søker nå trøyst i at det skal skje same slags mirakel neste år som KrF opplevde i 1997:

— Då valkampen starta i 1997 låg KrF på 7,8 prosent. Då valkampen var over, enda vi opp med 13,7 prosent, kunngjorde Bondevik på spørsmål frå BT i går.

Bondevik meiner nå at «alt går betre på alle frontar» og at når veljarane førebels ikkje ser ut til å setje pris på kva Regjeringa har fått til, kjem det av at «vi måtte ta tøffe tak, særleg eit par år».

Nå er det økonomisk framgang, vekst i økonomien, auka eksport, gode inntekter frå oljesektoren på grunn av høg oljepris, aukande sysselsetjing og nedgang i sjukefråveret. Og renta er rekordlåg.

Regjeringa vil legge auka vekt på å presentere dei positive resultata. I går appellerte han også til dei frammøtte journalistane om at også dei kan gle seg over betre økonomiske kår enn i tidlegare år.

Alternativet er sosialistisk

Samstundes skal veljarane få klar beskjed om kva som er alternativet: «ei sosialistisk regjering leia av Arbeidarpartiet», ifølgje Bondevik.

For Bondevik har nemleg funne det føremålstenleg å finne fram merkelappen «sosialistisk» om ei slik regjering. Det gjeld sjølv om han ikkje vil stemple sine tidlegare regjeringspartnarar i Sp for sosialistiske og sjølv om Ap har fjerna sosialismen frå føremålsparagrafen. Bondevik meiner det er nok at SV heiter sosialistisk og at det finst folk i Ap som kallar seg sosialistar.

Det blir ifølgje Bondevik mindre valfridom for den einskilde dersom ei slik alternativ regjering kjem til makta. Det skal veljarane få klar beskjed om.

Bondevik var i går klar til å svare på dei fleste spørsmåla han fekk. Men eitt spørsmål skapte større problem:

Ut på gata i jubileumsåret

Det var då leiaren for utanrikskorrespondentane i Noreg, svenske Bjørn Lindahl, tok ordet, ikkje så mykje for å stille spørsmål, som for å halde eit innlegg.

I går kunne han avsløre at UD nå har gjeve utanrikskorrespondentane beskjed om at dei blir sett på gata frå 1. april.

I mange år har UD finansiert eit internasjonalt pressesenter i Oslo. Drygt tredjeparten av dei 50 medlemene av utarikskorrespondentklubben har hatt jamleg bruk av dette pressesenteret. Der har dei hatt arbeidsplassar og eit miljø.

I jubileumsåret 2005 tek det slutt. UD skal spare pengar. - Ikkje særleg lurt, meinte Lindahl.

Overraska statsminister

Innlegget kom overraskande på Bondevik.

— Vi set pris på utanlandskorrespondentane, forsikra han, og la til at regjeringa er innstilt på å freiste å finne ei løysing.

Statssekretær Sylvi Graham i UD seier til Bergens Tidende at UD må spare pengar på grunn av budsjettkutt. Totalt ventar ein å spare inn to millionar på dette tiltaket, 750.000 kroner neste år.

Ifølgje Graham har UD ikkje oversyn over korleis ordningane for utanlandskorrespondentane er i andre land. Ho seier likevel at UD i framtida vil yte service til utanlandskorrespondentar i Noreg på ulike måtar.