Då han oppsummerte haustsesjonen i går, gav han uttrykk for at Regjeringa har teke tunge tak som ikkje har vore like populære. Det var forklaringa hans på at Ap, SV og Sp samla gjennom lang tid har hatt større oppslutnad enn regjeringspartia, og nok til å gje eit fleirtal i Stortinget.

Vil hauste

Bondevik argumenterer nå med at låg kronekurs, rekordlåg rente og positiv inntektsutvikling bør gje regjeringspartia utteljing i form av auka oppslutnad. Det gjeld særleg dersom arbeidsløysetala tek til å falle markert utover våren.

— Dersom arbeidsløysetala fell, vonar eg Regjeringa kan hauste av kva vi har sådd, sa Bondevik i går.

Budsjettforliket med Ap i haust, som Bondevik omtalar som historisk, gjer at han er kvitt «dødsangsten» og ser fram mot nye halvårlege pressekonferansar som regjeringssjef der han kan legge fram endå lengre «skrytelister».

Bondevik argumenterer nå med at Ap har vist ansvar - og har fått betalt for det, i form av auka veljaroppslutnad.

Karakterbok

I går presenterte Aftenposten ei «karakterbok» for regjeringsmedlemene, basert på ei meiningsmåling mellom veljarane. Den må ha vore nedslåande lesnad for Bondevik. Statsrådane skåra jamnt over nokså dårleg.

Opp mot dette biletet argumenterer Bondevik med at det ikkje har vore utskifting av ein einaste statsråd i løpet av meir enn to år.

— Det er teikn på ei sterk regjering at det ikkje har vore behov for å skifte ut nokon statsråd på over to år, argumenterer Bondevik.

Som for å understreke poenget ytterlegare la Bondevik til at Regjeringa hadde «eit vellukka julebord sist fredag». «Regjeringsmedlemene er fulle av kamplyst og verkekraft, og humøret er på topp» kunngjorde Bondevik.

Dei fleste ser at resonnementet omkring ingen utskiftingar er noko enkelt. Det er ikkje heilt sikkert at statsrådar overlever i to år fordi dei er så dyktige og sterke. Og omvendt skulle det då vere teikn på ei veik regjering om ein eller fleire statsrådar vart skifta ut.

Utskiftingar

Det har i lang tid vore opplese og vedteke at Bondevik innan kort tid vil skifte ut fleire statsrådar. Gjetningane har gått ut på at det vil skje nokså snart etter det ekstraordinære landsmøtet i KrF, 23. januar, i Bergen.

Sjølv vil Bondevik nå ikkje seie noko om ommøblering av Regjeringa.

Før helga kunngjorde Valgerd Svarstad Haugland at ho «sjølvsagt ville ha halde fram som partileiar», om ho før landsstyremøtet i november hadde fått den støtta som ho har opplevd etter at ho valde å trekkje seg.

Bondevik ville i går ikkje svare på kva støtte han hadde gjeve til partileiaren og om han hadde prøvd å overtale henne til å bli. Han seier at han har sagt at han ville støtte henne likevel kva ho valde.

Bondevik

Kva planar han sjølv har når denne stortingsperioden er over, vil han heller ikkje ut med før til sommaren - når han må svare på om han stiller til attval.

Bondevik har vore fast representant sidan 1973. Han var vararepresentant frå 1969. Han vil dermed ha sete 32 år på Tinget, og vere 58 år, når denne perioden er over.

Skal vi driste oss til å gjette på at svaret vil avhenge av om han maktar å hauste, der han har sådd: Med stigande oppslutnad på gallupen, er det kanskje meir freistande å halde fram? Slår ikkje det til, er det kanskje ikkje like stas å gå tilbake som representant på Stortinget.

STATSMINISTER: Kjell Magne Bondevik vil ikkje fortelje kva han gjorde for å støtte eller overtale Valgerd Svarstad Haugland til å halde fram som partileiar. I dag ville ho ha valt å stå på, om ho hadde fått den støtta ho har opplevd etter at ho kunngjorde avgangen sin.<p/>FOTO: HÅVARD BJELLAND