Statsråden fekk spørsmål om korleis ho vil fylgje opp pålegget som Stortinget gav 5. april om økonomistyringa i Forsvaret.

Denne saka vart aktualisert ved at den nye forsvarssjefen, Sverre Diesen, uttala til Dagbladet i går at det vil ta minst halvtanna år før Forsvaret har fullgod økonomistyring.

I det same intervjuet gav forsvarssjefen uttrykk for at det er «Riksrevisjonen som bestemmer når vi har full kontroll».

Får etterspel

Dette har fått fleire stortingsrepresentantar til å undrast både når det gjeld det formelle og det reelle innhaldet i dette:

— Kven trur forsvarssjefen og forsvarsministeren Riksrevisjonen arbeider for, undrast Kjetil Bjørklund, som sit i Forsvarskomiteen.

I dag blir saka teke opp på eit ekstraordinært møte i Kontrollkomiteen på Stortinget. Det seier nestleiar Kjell Engebretsen (Ap) i komiteen til Bergens Tidende. Han var saksordførar for behandlinga av statsregnskapen for 2003 som munna ut i pålegget til regjeringa.

I vedtaket 5. april fekk regjeringa pålegg om «uten unødvendig opphold legge fram en egen sak for Stortinget som synliggjør hvordan regjeringen skal gjenvinne overordnet styring med Forsvarets økonomi».

Statsråden svara ikkje direkte på spørsmålet som vart reist av Senterpartiet sin parlamentariske leiar, Marit Arnstad.

Arnstad presiserte at meldinga som Forsvarsdepartementet har presentert om overforbruket i 2004 (milliardsprekken) ikkje er å oppfylle pålegget.

Statsråd Devold svara ikkje direkte på spørsmålet og sa at ho vil gå «i dialog» med Stortinget om saka.

Opprører opposisjonen

Svaret opprører ein samla opposisjon.

Til Bergens Tidende seier Marit Arnstad, sjølv statsråd i Bondevik I-regjeringa:

— Ein statsråd går ikkje i diskusjon med Stortinget om korleis eit pålegg skal innfriast. Eg blir heilt oppgjeven over mangel på forståing for rollene, kva plikter som fylgjer med statsrådsjobben og korleis ein statsråd må opptre i forhold til Stortinget. Det ser ut til å vere behov for at statsministeren gjev statsrådane eit grunnkurs i korleis dei skal opptre overfor Stortinget. Dersom statsråden meiner at pålegget ikkje kan etterkomast, må statsministeren kome til Stortinget og fortelje det.

— Ein statsråd kan ikkje omgå eit stortingsvedtak som var resultat av behandlinga av ei sak som var ei hårsbreidd frå mistillit, seier Arnstad.

- Forstår ikkje alvoret

Frp-formann Carl I. Hagen seier til BT at forsvarsministeren tydelegvis ikkje har forstått alvoret og heller ikkje vil forstå korleis ho skal og må forhalde seg til eit klart vedtak frå Stortinget.

— Det er ikkje snakk om «å gå i diskusjon eller dialog» med statsråden om korleis eit pålegg frå Stortinget skal fylgjast opp, seier Ågot Valle (SV) til BT. Ho er leiar for Kontrollkomiteen.

NY DRØFTING: Kontrollkomiteen på Stortinget vil i dag på ny drøfte forholdet til forsvarsminister Kristin Krohn Devold. Forsvarsministeren ville ikkje kommentere saka overfor Bergens Tidende i går.