Fredag fremja dei parlamentariske leiarane for dei fire opposisjonspartia, krav til statsminister Kjell Magne Bondevik med bakgrunn i at økonomistyringa i Forsvaret er ute av kontroll. Dei fire partia, som utgjer eit klart fleirtal i Stortinget, forlangte svar på spørsmålet om når regjeringa har tenkt å legge fram ei eiga sak for Stortinget. Den skal vise korleis regjeringa har tenkt å gjenvinne overordna styring med økonomien i Forsvaret.

Svar undervegs

Informasjonssjef Øivind Østang ved statsministerens kontor, seier til Bergens Tidende at Bondevik vil lage eit svar til dei parlamentariske leiarane, i brevs form.

Bodskapen frå opposisjonen er klar: Regjeringa har eitt å gjere: kome tilbake til Stortinget med ei ny melding eller eit dokument som Stortinget kan forhalde seg til.

Parlamentarisk leiar, Marit Arnstad, i Senterpartiet, seier at ho ventar at Bondevik sender eit brev som gjer greie for korleis regjeringa vil fylgje opp kravet.

— Så får vi sjå kva som framgår der. Vi må ha eit dokument til Stortinget. Vi har i stortingsvedtaket frå 5. april, kravd at Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med ei eiga sak, seier Arnstad.

- Ikkje så tungnem

Arnstad meiner det vil vere oppsiktsvekkjande om regjeringa ikkje gjer det stortingsfleirtalet har bede om.

— Vi fatta eit vedtak. Nå har vi sendt eit brev, så det bør vere enkelt å forstå. Så tungnem er ikkje Kjell Magne Bondevik at han ikkje forstår innhaldet i dette, seier Arnstad.

— Og dersom regjeringa ikkje skulle ønskje å kome tilbake til Stortinget med ei sak, slik opposisjonen krev?

— Ja, då er det Senterpartiet si meining at statsministeren må kome til Stortinget å gjere greie for kvifor han ikkje vil etterkome kravet, seier Arnstad.

— Eg er viss på at regjeringa svingar seg nå og gjer slik Stortinget ønskjer, slik det kjem til uttrykk i brevet frå dei parlamentariske leiarane, seier Kjell Engebretsen (Ap) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Kontrollkomiteen på Stortinget.

— Kva om regjeringa ikkje fylgjer opp, slik opposisjonen nå krev?

— Først får vi sjå kva som skjer. Så får vi gå vidare derfrå, seier Engebretsen.

Krev eit dokument

Kristin Halvorsen som er parlamentarisk- og partileiar i SV, seier at ho ventar ei forklaring og ei orientering om korleis regjeringa har tenkt å skaffe seg kontroll over økonomien i Forsvaret.

— Det må anten skje i form av eit dokument til Stortinget eller som ei orientering som blir gjeven i stortingssalen. Det må vere eit skriftleg dokument som vi kan forhalde oss til, seier Halvorsen.

— Kva skjer om Bondevik ikkje oppfyller desse krava?

— Nå må han først få ein sjanse til å svare, seier Halvorsen og gjer det heilt klart at den meldinga som regjeringa la fram 8. april om meirforbruket i Forsvaret i 2004, ikkje er det Stortinget har kravd og ventar å få.

- Utfordrande tone

— Eg ventar ikkje anna enn at statsminister Bondevik kjem med eit svar i ein utfordrande tone. Eg trur regjeringa har bestemt seg for å bruke denne saka for å vise styrke, seier parti- og parlamentarisk leiar i Frp, Carl I. Hagen, til Bergens Tidende.

Hagen gjer det klart at Frp ikkje har nokon som helst tillit til forsvarsministeren og meiner Kristin Krohn Devold er ute av stand til å rydde opp i økonomirotet i Forsvaret.

— Vi har gjort det vi kunne, men så lenge SV og Ap går god for statsråden, er det lite meir vi kan gjere, seier Hagen.

<b>UNDER PRESS:</b> Statsminister Kjell Magne Bondevik kan vente seg ein beisk reaksjon frå Stortinget om han ikkje fylgjer opp kravet frå stortingsfleirtalet om økonomikontrollen i Forsvaret.
TOR RICHARDSEN / SCANPIX