I kvit frakk og fint driv kjem Duszyk nedover korridoren på hjarteavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus. Polakken er lege i spesialisering, studerte medisin i Bergen og hadde turnusteneste i Luster i Sogn.

I dag har han opparbeidd seg ein vestnorsk dialektkompetanse mange norske legar kan misunne han.

— Ta for eksempel uttrykket «å ha vondt i bringa». Det er det mange kollegaer frå Oslo som ikkje forstår!

Multikulturell avdeling

På hjarteavdelinga jobbar heile 13 nasjonar side om side. Hit kjem dei frå Romania og Russland, India og Kina, Tsjekkia, Tyskland og mange andre land. Men kva språk snakkar dei i lunsjen?

— Norsk, sjølvsagt, svarar overlege Anne Kask frå Estland.

Til sommaren har ho jobba på Haukeland i tretten år. Sjølv om aksenten er der, snakkar Kask svært godt norsk. Ho kunne faktisk norsk før ho kom. Eit norgesopphald i 1991, lenge før Kask ante at ho skulle jobbe her, inspirerte henne til å lære seg språket.

Kask var også med i ei estisk-norsk foreining med interesse for norsk litteratur, kultur og natur. Seinare vart ho stipendiat ved Universitetet i Oslo. På 1990-talet, då Kask søkte lisens for å praktisere som lege i Norge, var prosessen langt meir krevjande i dag.

— Estland var ikkje EU-medlem den gongen. Eg måtte ta 8–10 ulike eksamenar, mellom anna i norsk og medisinsk språk. Turnustenesta måtte eg også ta på nytt, sjølv om eg var ferdig utdanna spesialist frå Estland.

- Viktig å kunne norsk

Både Duszyk og Kask er kritiske til at legar frå EU/EØS-land kan jobbe i Norge utan å dokumentere at dei kan norsk.

— Språkkunnskapane bør sjekkast. Vi jobbar med menneske, og ein stor del av diagnosen er basert på informasjon frå pasienten, seier Kask.

— Å kunne norsk er svært viktig i møte med pasienten, både for å skape tillit og stille rett diagnose. Også overfor kollegaer er god kommunikasjon viktig.