Men forvaltarane kan vurdere kor lurt det er å investere i selskap som har dårleg omdøme eller som har ei leiing som er omstridd. Det går under rubrikken «forretningsmessige vurderingar», opplyser oljefondsjef Knut N. Kjær.

Finansdepartementet har likevel gjeve visse retningsliner: Det er forbod mot å investere i selskap som produserer landminer og klasebomber. Dessutan skal det ikkje investerast i selskap som berre er notert ved børsar i Russland, Aust-Europa og i utviklingsland, opplyser Kjær.